
Miljørådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
Gloppen kommune
- Frist 30.10.2023
Miljørådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
Vil du være med å bygge opp eit tilsynssamarbeid for byggesak og spreidde avløp i Nordfjord? Gloppen kommune har tatt på seg det viktige arbeidet med å følgje opp byggesak og spreidde avløp i regionen. Frå januar 2024 skal vi tilsette eit sterkt fagmiljø på Sandane som skal jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.
Vi skal tilsette i fleire stillingar og søkjer etter leiar, jurist, vatn- og avløpskompetanse, byggingeniør og miljørådgjevar. Tilsynet skal jobbe systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Tilsynet vert oppretta som sjølvstendig teneste med kontorplass på Sandane, men skal ha tett samarbeid med fagmiljøa i alle kommunane.
Som miljørådgjevar vil du saman med dei andre fagområda ha ei viktig rolle i å sikre gode vassmiljø i regionen. Du vil ha ansvar for å lage gode planar slik at tilsyna vert målretta mot dei mest sårbare områda.
Tilsetting frå 1.januar 2024, men vi ønskjer også at du søkjarar om du kan tiltre seinare.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre miljøstandardar og reguleringar
- Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar.
- Rapportere avvik og medverke til i å finne pragmatiske løysingar innanfor krava
- Rettleie og gi råd til utbyggjarar, entreprenørar og andre involverte partar
- Delta i prosjekt og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet
- Samarbeide med lokale myndigheiter, landbruksselskap og eigarar av avløpsanlegg for å fremme beste praksis og miljøomsyn.
- Bidra til utvikling og implementering av relevante retningslinjer og reguleringar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innanfor miljøfag, landbruk, vassressursforvaltning eller tilsvarande.
- Erfaring med tilsyn og reguleringar knytt til spreidde avløpssystem vil være ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å samarbeide med ulike aktørar
- Kjennskap til lovverk og regelverk knytt til miljøforvaltning
- Førarkort personbil
Personlege eigenskapar
- Engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutvikling
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Evne til å handtere komplekse saker og utfordringar på ein profesjonell måte
- Tar initiativ og liker å lære
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil ha moglegheita til å bidra til samfunnsutviklinga i regionen, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
- Sted: Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Bransje: Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Rådgivning, Sikkerhet
Nøkkelord
miljø, rettleiing, vassdrag, va
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321714601
- Sist endret