Helsefagleg sjef
Fagavdelinga leiing, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ny helsefagleg sjef i Fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal HF.
Du skal vere i front på utvikling og innovasjon av sjukepleietenesta i HMR. Du skal vere med og legge premissane for fagleg utvikling og retning av tenesta, tenke nytt og samtidig forbetre og utvikle det vi har i dag. Stillinga er sjølvstendig og rapporterer til fagdirektør. Du vil vere ein viktig person i fagdirektør si leiargruppe i fagavdelinga.
Fagavdelinga er ei stabsavdeling som skal gi støtte og kompetanse på ulike områder og bistå klinikkane i deira arbeid med kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeid. Fagavdelinga består av følgande einingar: forskning og innovasjon, helsetenesteutvikling, utdanning og kompetanse, kliniske studiar, smittevern og antibiotikastyring - avdelingar du vil trekke veksler på i ditt arbeid.
Stillinga er ledig frå snarast, og startdato kan avtalast.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Du skal utvikle, forbetre og effektivisere sjukepleietenesta
- Du vil få anledning til å arbeide målretta med forbetringsarbeid
- Du får bidra til å optimalisere arbeidsprosessar og arbeidsflyter for sjukepleietenesta
- Du skal bidra til endå betre samhandling mellom de ulike profesjonane
- Du skal inspirere og ha ei strategisk tilnærming til korleis vi kan bli best!
- Du skal vere med og utvikle faget sjukepleie
- Du skal bidra i utvikling av sjukepleierutdanninga i foretaket
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter ein sjukepleiar, gjerne med relevant master utdanning
- For å lykkast i stillinga tenker vi at det er viktig at du har leiarerfaring fra helsetenesta, fortrinnsvis frå spesialisthelsetenesta
- Relevant erfaring og kompetanse innan endringsarbeid og forbetringsarbeid er nyttig i denne stillinga
- Vi håper at du har kjennskap til arbeid med optimalisering og logistikk, og at du trivast i samarbeid med andre fagpersoner i ulike matriseteam
- Du brenn for sjukepleiarfaget, men er opptatt av heliheita til det beste for våre pasientar
Personlege eigenskapar
- Du leiar og kommuniserar på ein måte som skapar tillit og entusiasme
- Du triggast av å oppnå resultater, i nært samarbeid med dine kollegaer
- Du er utolmodig, nysgjerrig og kunnskapssøkande for å nå våre felles mål
- Du trivast med å dele din kompetanse og verdset andre sine gode bidrag både internt og via samarbeidspartnarar
- Du er analytisk og nytenkande
- Du tør å ta beslutningar og stå i dei til det er gjennomført
Vi tilbyr
- Kjekke kollegaer som ønsker at nettopp du skal lykkast
- Et uformelt arbeidsmiljø med mykje humor
- Friheit under ansvar med god oppfølging ved behov
- Ein svært meiningsfull arbeidskvardag med eit særleg viktig samfunnsoppdrag
- Gode pensjons- og forsikringsordninger, når behovet dukker opp
Kontaktinformasjon
Erik Solligård, Fagdirektør, +47 41452673, erik.solligard@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen
Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4704785713
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321711497
- Sist endret