Fysioterapeut eller ergoterapeut
Tysnes kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag?
Tysnes kommune har ledig eitt årsvikariat som fysioterapeut eller ergoterapeut. Oppgåvene er tenkt å justerast ut i frå søkjar sin kompetanse.
Fysioterapitenesta og ergoterapitenesta er per no organisert under helse, og har kontor på rådhuset i Uggdal. Tysnes kommune har fokus på tverrfagleg samarbeid, med vekt på eigenmeistring og aktivitet for innbyggjarane våre.
Me har ei fysioterapiteneste som består av 1,5 årsverk kommunal fysioterapeut og 1,9 årsverk gjennom privat driftstilskot, fordelt på 3 fysioterapeutar. Samarbeidsutval for fysioterapitenesta er godt etablert, og ivartek eit godt samarbeid mellom alle desse, og godt fagleg fokus. Ergoterapitenesta består av 0,8 årsverk.
Til denne stillinga ligg fysioterapi retta hovudsakleg mot born og unge, samt ergoterapi- tenester til alle aldersgrupper. Stillinga har per no hovudansvar for å ivareta ergoterapeutiske oppgåver, i eit breitt samarbeid med andre kommunale tenester.
Vikariatet gjeld planlagt fråvær og er ledig frå snarast, med mål om å sikre overlapp og kunnskapsoverføring.
Aktuelle arbeidsoppgåver (gitt kompetanse)
- Individuell- og gruppeoppfølging og behandling av barn og unge.
- Førebyggjande og helsefremjande tiltak på helsestasjon, barnehage og skule.
- Kartlegge og vurdere funksjonsnivå og omgjevnader, formidle og tilpasse hjelpemidlar.
- Rettleie og iverksette tiltak som gjer kvardagslivet mogleg.
- Bidra i tverrfagleg team, samarbeide internt og eksternt.
- Dokumentere, registrere og rapportere.
Kvalifikasjonar
- Norsk offentleg autorisasjon som fysioterapeut eller ergoterapeut.
- Erfaring eller kunnskap om bestilling og tilpassing av hjelpemidlar.
- Førarkort kl. B og moglegheit til å bruke eigen bil.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
- Om du har erfaring frå kommunehelsetenesta er det eit føremon.
- Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest, jf. lov om helsepersonell § 5-4 .
Personlege eigenskapar
- Me søkjer etter deg som er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Initiativrik, positiv og evnar å sjå brukarane og deira behov.
- Interesse for å jobbe med ulike aldersgrupper.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og i team.
- Fleksibel og løysningsorientert.
- Kreativ, engasjert og serviceinnstilt.
- Personleg egnethet vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Fleksitid med arbeid på kontor og ute i felten.
- Deltaking i eit godt arbeidsmiljø med høg trivnad og fagleg fokus.
- Deltaking i tverrfagleg inntaksteam.
- I jobben vil du møte barn, vaksne og eldre, og få ein variert og spanande kvardag.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar/tariff.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, +47 900 41 561Arbeidssted
Rådhuset5685 UGGDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4709952023
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321706889
- Sist endret