
to prosjektstillingar
Vestland fylkeskommune
- Frist 13.10.2023
To prosjektstillingar
Har du lyst til å bidra i arbeidet med å klimaomstille Vestland?
Vi søkjer deg som har god kompetanse innan klima og miljø, og som ønskjer å bidra i arbeidet med å klimaomstille Vestland. Vil du samarbeide med kommunane for å få til utsleppsreduksjon eller redusere klimarisiko? Du må vere engasjert og ha gode samarbeidsevner.
Vestland fylkeskommune er sentral samarbeidspartnar og pådrivar for utvikling i regionen innan berekraft, klima, stadutvikling, næring, samferdsel, kultur og folkehelse med meir. Fylkestinget vedtok i desember 2022 ein ny regional klimaplan, og arbeidsoppgåvene vil vere å delta i oppfølging av denne planen. Det kritiske oppdraget i klimaplanen er å sikre at vi både reduserer utsleppa våre, tilpassar oss eit klima i endring og tek vare på naturmangfaldet. Vi skal vere ein ansvarleg pådrivar for klimaomstilling, der vi gjennom tverrfagleg samarbeid, kunnskap og handling bidreg til å akselerere det grøne taktskiftet.
Har du kompetanse innan klimaområdet, planlegging og/eller systematisk klima- og miljøarbeide, er du engasjert og ønskjer å gjere ein forskjell er du den rette.
Arbeidsoppgåver
- Mobilisere og motivere til klimaomstilling i kommunane
- Samarbeide med kommunar og andre relevante aktørar
- Rettleie kommunane i klima- og miljøleiing i kommunane
- Kompetanseheving og erfaringsdeling knytt til utsleppsreduksjon og klimarisiko
- Planlegge og gjennomføre møter i klimanettverk for kommunane
Kvalifikasjonar
Den som vert til sett må ha:
- mastergrad i klimaomstilling, arealplanlegging, samfunnsplanlegging eller anna relevant utdanning på masternivå. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
- klimakompetanse, både knytt til utsleppsreduksjon og klimatilpassing
- prosesskompetanse
Det er ein fordel med:
- kjennskap til planprosessar, utfordringar og mogelegheiter på kommunalt nivå
- erfaring frå arbeid med klimaomstilling på lokalt og/eller regionalt nivå
Personlege eigenskapar
- Samfunnsengasjert
- Må kunne arbeide sjølvstendig, ta initiativ og leie prosessar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
Du vil få varierte og givande arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
Elles tilbyr vi:
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Andre opplysningar:
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Arbeidsstad er fortrinnsvis Leikanger, eventuelt Bergen. Du må rekne med noko reiseverksemd
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Prosjektstillingane er for to år.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Antall stillinger: 2
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
Nøkkelord
klimaomstilling;, regional, klimaplan;, klima, og
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321594932
- Sist endret