Ledige stillingar
Lærdal kommune Sogn LMS og helse
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Lærdal kommune har ein stilling som sjukepleiar/paramedic ledig i 100 % fast ved Sogn LMS. I tillegg har me ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/paramedic, der 50 % er fast og 50 % er vikariat til 01.09.2024. Stillinga vil vere i 3-delt turnus, med arbeid kvar fjerde helg.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).
Me er også legevakt for kommunane i indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Krav til/ønskje om utdanning
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller utdanning som paramedic
- det er eitt krav med kurs i akuttmedisin og vald og overgrep for sjukepleiarar som jobbar på legevaktssentralar. Søkjarar som ikkje har dette, vil få tilbod om kurs ved tilsetjing
- personlege eigenskapar vert vektlagt
- vidare ynskjer me søkjarar med god norsk forståing og som har god formidlingsevne
- gode IKT-kunnskapar
Arbeidsoppgåver
- legevaktsoperatør for kommunane i Sogn.
- legevaktsarbeid i form av å bistå vakthavande lege med blodprøvetaking, EKG, assistere ved sying, sårstell m.m
- veilede pasientar/innringarar over telefon/videokonsultasjon
Arbeidstid
Dei tilsette jobbar tredelt turnus, med langvakter på 12 timar kvar fjerde helg. Nattevaktene er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg.
Krav om politiattest, jfr. Lov om helsetenester.
Me tilbyr ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Lønnsvilkår
Lønn etter tariff
2 % pensjonsinnbetaling til KLP
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321592281
- Sist endret