Avdelingsleiar Bu og habilitering
Kommunalområde helse, omsorg og velferd
- Frist 13.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gjere ein skilnad for personar med funksjonsvarisjonar i Ørsta kommune? Vi er på jakt etter ein framtidsretta og engasjert avdelingsleiar. I Ørsta kommune er det frå 1.1.2024 ledig 100% fast stilling i kommunalområde helse, omsorg og velferd, med f.t. Bu og habilitering som tenestestad. Bu og habilitering yter teneste til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsvariasjonar som treng teneste i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og/eller avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Tenesta er stadig i utvikling, og møter mange utfordringar knytt til lovverk, system og ulike tenestemottakarar. Du vil få vere med å leie ei teneste som har tilsette med mykje kompetanse innanfor feltet.
Som avdelingsleiar for tenestene vert du ein del av tenesteleiar si leiargruppe. Arbeidet gir rom for personleg og fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag- og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:
- Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå
- Medansvar for økonomi og budsjettarbeid
- Oppfølging av tilsette
- Kvalitetutviklingarbeid og rapportering
- Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging
Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap. Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. No arbeider vi målretta for å skape ein heiltidskultur i organisasjonen og leiarane våre er ein viktige medspelarar i dette arbeidet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i avdelinga sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.
Kvalifikasjonar
Du må ha 3 årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.
Vi vil særleg leggje vekt på følgjande:
- Leiarerfaring
- Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar
- Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
- Kunnskap om turnusplanlegging
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Kunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til å skape gode relasjonar, inspirere og ta initiativ, samt formidle avdelinga og tenesteområdet sine mål
- Evne til å leie, motivere og skape resultat
- Ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
Vi tilbyr
- Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Kollegar som er interssert i å utvikle dagens helse- og velferstenester
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3 Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lagt til som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsta.kommune.noAudhild Mork, kommunalsjef helse omsorg og velferd, 95712101, audhild.mork@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Anders Hovden-gata 276150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4713205781
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321587875
- Sist endret