Ledige stillingar i heimetenesta. Signeringsstipend på kr 75 000 for sjukepleiarar og vernepleiarar
Askvoll kommune Heimetenester
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta i Askvoll kommune har ledig 1 fast stilling og fleire vikariat som sjukepleiar/ vernepleiar i Seksjon heimeteneste.
Er du sjukepleiar/vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Sjukepleiar/ vernepleiar vil ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter teneste i heile Askvoll kommune, og utvidar no tenestene på Atløy, Bulandet og Værlandet.
Deltidstillingar kan utvidast til 100% stilling der den resterande stillingsprosenten inngår i ein vikarpool.
Stillingar:
Heimetenesta:
- 1 fast 100% stilling for sjukepleiar/ vernepleiar frå snarast
- 1 vikariat 70% stilling for sjukepleiar/ vernepleiar frå snarast til 20.10.24
- 1 vikariat 80% stilling for sjukepleiar/ vernepleiar frå snarast til 24.02.2024
- 1 vikariat 60% stilling for sjukepleiar/ vernepleiar frå snarast til 30.07.2024
- 2 engasjement i inntil 100% stilling for sjukepleiar i Bulandet/ Værlandet og Atløy frå snarast til 30.01.2024, med moglegheit for forlenging
Arbeidsoppgåver:
- Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
- Medikantmenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/ erfaring tilsettast i midlertidig stilling
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
- Sjukepleiarar og vernepleiarar får eiit lokalt tillegg på kr. 20 000 over garantiløn etter gjeldande tariff
- Eiga lønsstige for studentar innan helse- og velferdsutdanningar i deltidsstillingar
- Arbeid 35,5 t/veke og helg
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321555821
- Sist endret