
Rådgivar innen inntekts- og levekårsstatistikk
Statistisk sentralbyrå
- Frist 16.10.2023
Ønskjer du å jobbe med inntekts- og levekårsstatistikk?
I Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk har me ei ledig stilling som rådgivar. Seksjonen produserer statistikk og analyse innanfor levekår, tidsbruk, forbruk, inntekt, trygd, skatt og kriminalitet, og er ein viktig bidragsytar til kunnskapsgrunnlaget på desse samfunnsområda. Du får vera med å lage, vidareutvikla og modernisera statistikkproduksjonen på fleire av områda seksjonen har ansvar for. Det vil òg vere moglegheiter for oppgåver innanfor analyse og metode. Du vil bidra til samfunnsoppdraget gjennom å lage relevant statistikk over livsvilkåra i befolkninga.
Me ser etter deg med kunnskap og interesse for levekår og sosiale forhold, samt spørsmål knytt til fordeling og økonomisk ulikskap. Fleire av seksjonens statistikkar er under omlegging, og ein stor del av arbeidet vil i ein overgang vera å modernisera statistikkproduksjon og -analyse. Oppgåvene består i å systematisera, behandla og tilretteleggje data frå både utvalgsundersøkingar og heildekkande registerdata på den nye skyplattforma. Dette krev god tal-, metode- og IT-forståing, samt evne til å omsetje rådata til statistikk. Me ønskjer oss deg med god kompetanse i programmeringsspråk som R, Python eller SAS, som delar kompetanse og har gode samarbeidsevner.
Hos oss får du vera med å:
- være del av fagmiljøet i seksjon for inntekt og levekår
- utvikla og drifta offisiell statistikk basert på samanstilling og bearbeiding av data frå fleire kjelder
- bidra til å modernisere statistikkproduksjonen mellom anna gjennom god kompetanse på programmeringsspråk som Python og R, og i bruk av tjenestekatalogen til Google Cloud Platform
- løpande leveransar av analyse-, tabell- og mikrodataoppdrag
- halde seg fagleg, metodisk og IT teknisk oppdatert
Kva kompetanse er nødvendig?
- Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst statsvitar, samfunnsøkonom eller annan samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn.
- Minimum 2 år relevant arbeidserfaring.
- Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av programmeringsspråk som R, Python eller SAS.
- Kompetanse innafor statistiske metodar og analyse.
- God munnleg og skriftleg norsk.
Det er ein fordel med:
- Kjennskap til register- og utvalsdata.
- kunnskap innafor fagområdet til seksjonen og statistikkproduksjon.
Kven er du?
- Du arbeider sjølvstendig og systematisk, men liker samstundes å samarbeida med andre.
- Du har evne til å følgja opp fleire problemstillingar, samtidig som du overheld fristar.
- Du er nysgjerrig og tileigner deg naudsynt kunnskap og kompetanse.
- Du tek initiativ, er strukturert og nøyaktig og kan trekkje ut essensen av store informasjonsmengder.
Kvifor skal du velja oss?
Hos oss vil du vere ein del av eit godt fagleg miljø med gode moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskapsrik organisasjon med meningsfulle og spennande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn som rådgivar (1434) i lønsspenn frå kr 584 500 til kr 646 000 (ltr. 60-66) etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
- Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nyansattprogram, årlig hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
- Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Treningstilbod med mulighet til ein time trening i veka i arbeidstida, med treningsrom i kontorlokalane.
Verdt å merke seg før du søker:
- Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Me ber søkjarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
- Me gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har beda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
- Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
- Me oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
- Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statistisk sentralbyrå - tal som fortel
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling,
utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forsking
og analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlag
for det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder.
SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
og gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, også
internasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i
tillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motiverte
medarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremste
leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.
- Sted: Akersveien 26, 0177 Oslo
- Bransje: Annet, IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Annet
Nøkkelord
Statistikk, IT-kunnskaper, programmering, analyse, statistikkproduksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321494152
- Sist endret