Rådgivar sivil rettspleie
MOLDE - Seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, Møre og Romsdal politidi...
- Frist 11.10.2023
Møre og Romsdal Politidistrikt har ledig fast stilling som saksbehandlar innanfor fagfeltet gjeldsordning og tyngre tvang ved driftseining Nordmøre og Romsdal. Stillinga er for tida underlagt Molde politistasjonsdistrikt, seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, med oppmøtestad ved Molde politistasjon.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt og løysingsorientert med god munnleg framstillingsevne både innan norsk og engelsk. Du har gode IT-kunnskapar og trivast med å samarbeide med andre i ein hektisk og varierande kvardag. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatane vil vi også vektlegge desse verdiane.
Dine hovudoppgåver som saksbehandlar innanfor fagfelta gjeldsordning og tyngre tvang vil vere rettleiing av publikum og tett samarbeid med eksterne aktørar innan behandling av søknadar om gjeldsordning for geografisk område Romsdal, samt saksbehandling og operativ gjennomføring av fråviking av bustad, innhenting og tvangssalg av lausøyre, etc. og halde ei laupende oppfølging og forvaltning av eininga si portefølje innanfor gjeldsordning.
Driftseininga Nordmøre og Romsdal består totalt sett av Kristiansund politistasjonsdistrikt, Smøla og Aure politistasjonsdistrikt, Surnadal politistasjonsdistrikt, lndre Nordmøre politistasjonsdistrikt, Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt, Molde politistasjonsdistrikt og Hustadvika politistasjonsdistrikt.
Jobb hos Namsmannnen i Molde krev at du er økonomisk vederheftig. Om du vert innkalla til intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett. Kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling og rettleiing av publikum i samband med søknadar om gjeldsordning
- Oppfølging og forvaltning av portefølja til eininga innanfor gjeldsordning, medrekna rettleiing av publikum samt tett samarbeid med eksterne aktørar
- Saksbehandling og gjennomføring av fagfelt innan tyngre tvang, medrekna fråviking av bustad, innhenting og tvangssalg av lausøyre, etc. samt prosessrettleiing av publikum og eksterne aktørar
- Registreringsforretningar i samband med konkurs og offentlege dødsbo etter begjæring frå bubestyrar
- Stevnevitnefunksjon
- Føring av rekneskap opp mot fagfelta gjeldsordning og tvangsfullbyrding
- Andre oppgåver som ligg til eininga kan bli pålagt av seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
Nødvendige
- Relevant høgare utdanning på bachelornivå, eksempelvis jus eller økonomi
- Lengre relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- Minimum 1 års arbeidserfaring frå fagområder innan jus og/eller økonomi
- Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Minimum innan norsk og engelsk
- Generelt god forståing for bruk av IT-system og tilegning av stadig nye system
- Økonomisk vederheftigheit
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i samband med skikkaheitsvurdering, jf. politiloven § 18 og og politiregisterloven § 41.
Ønskelege
- Erfaring frå offentleg forvalting og saksbehandling
- Kunnskap om relevant lovverk
- Erfaring frå fagområder innan jus og/eller økonomi
- Ytterlegare språkkompetanse
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Serviceinnstilt og løysingsorientert i tidvis hektiske og hendingsstyrte omgjevnadar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
- Gode evner innan publikums- og konflikthandtering
- Forståing av og identifisere seg med politiet sitt samfunnsoppdrag
- Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- Fast stilling som rådgiver (SKO 1434) i Møre og Romsdal politidistrikt
- Rådgivar - lønnast i dag med ei brutto årsløn frå og med kr. 530 000,-
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Hilde Therese Halås Hasseløsæther, Seksjonsleiar, 71192063Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4707350565
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321469986
- Sist endret