Inaktiv
Avdelingsleiar til Norheimsund skule
Oppveksteininga
- Frist 11.10.2023
- Ansettelsesform Fast
ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?
- Norheimsund skule 1.-7. trinn er den største barneskulen i Kvam og ligg plassert midt i sentrum i regionsenteret Norheimsund i Hardanger
Skulen har 287 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, SFO-leiar, sekretær, 36 lærarar, 16 fagarbeidarar, 2 miljørettleiarar og 3 lærlingar
Skulen er veldriven med tilsette som har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur - Utviklingsområde skulen brukar tid på:Implementering av ny læreplan
VFL (vurdering for læring)
LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse)
Udir og Statsforvaltaren si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde
Dekom (desentralisert ordning for kompetanseutvikling)
BTI (Betre tverrfagleg innsats) - Klasseleiing, positivt elevsyn og relasjonsbygging er viktig i Kvammaskulen
- Vårt elevsyn er at barn gjer så godt dei kan, og at barn ikkje er vanskelege, men kan ha det vanskeleg
- Skulen har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp
- Skulen har eit aktivt elevråd som bidreg med trivselsfremjande tiltak og innspel
- Foreldregruppa er engasjert og aktiv, og ein viktig støttespelar for skulen
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du:
- vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
- delta i utvikling av kollektiv kapasitet ved skulen og som del av Kvammaskulen
- leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
- kunna leia og motivera personalet i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
- vera ein trygg og tydeleg personalleiar som både støttar og utfordrar - med hjarte og hjerne
- evna å prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
- støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedta
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 14-3
- digital kompetanse og interesse for å utvikla skule digitalt
- erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ein føremon
- skuleleiarerfaring er ein føremon
- nasjonal skuleleiarutdanning eller at du er villig til å ta denne er eit krav
Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- at du kan visa til gode relasjons- og samarbeidsevner frå tidlegare arbeidserfaring
- trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
- evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- god kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
- engasjert og fleksibel
- kan driva team og utvikla skulen som lærande organisasjon på ein motiverande måte
- evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
- systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Linda Haugland Jondahl, Rektor Norheimsund skule, 90595991, lindjo@kvam.kommune.no
Inga Lill Jensen Tolo, Leiar for skule, 951 19 865
Arbeidsstad
Gamle Sandvenvegen
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4712491020
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321454171
- Sist endret