Sjukepleiar - 100% fast stilling
Geiranger distrikt, Stranda kommune
- Frist 15.10.2023
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.
Geiranger omsorgssenter har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.10.2023.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Pleie og hjelp til brukarane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å tilsetje helsefagarbeidar eller pleieassistent midlertidig
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Evne til å samarbeide med andre
- Fagfokusert
- Positiv og imøtekomande
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med positive og engasjerte kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Oddbjørg Solhaug, Einingsleiar, (+47) 46411188Arbeidsstad
Maråkvegen 366216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4700460458
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321448515
- Sist endret