Inaktiv
Helsefagarbeidar
Gulen kommune
Om stillingane
Gulen kommune har ledig fleire helsefagarbeidarstillingar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD).
- 100% fast stilling som helsefagarbeidar, avd. Byrknes, frå snarast
- 3 faste helgestillingar, 13-20%, avd. Byrknes, frå snarast
- 1 fast helgestilling, 17-20%, avd. Dalsøyra, frå snarast
- 1 fast helgestilling, 17-20%, avd. Brekke, frå snarast
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg.
Kvalifikasjonskrav- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321448417
- Sist endret