Bedriftssjukepleier i Bedriftshelsetenesta
Bedriftshelsetenesta, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 17.10.2023
Bli med oss på laget for å skape gode og helsefremmande arbeidsplasser i Helse Møre og Romsdal HF!
Vi har ledig vikariat som bedriftssjukepleiar i bedriftshelsetenesta. Bedriftshelsetenesta (BHT) i Helse Møre og Romsdal HF er ein felles seksjon i foretaket med kontor i Kristiansund, Molde og Ålesund, og betener tilsette i heile foretaket. I seksjonen er det tilsett sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, jordmor, rådgjevar for organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø, yrkeshygienikar og lege. BHT har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø organisert i faggrupper, og vi tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Arbeidsstad er primært Ålesund, men det må påreknast ein del reiseverksemd mellom sjukehusa og dei øvrige institusjonane. BHT har godkjenning frå Arbeidstilsynet, og er organisert under HR-direktør.
Oppstartsdato kan avtalast, men ønskjer snarleg oppstart for opplæring.
Arbeidsoppgåver
Du blir ein del av eit team som har ansvar for å bistå arbeidsgjevar i det forebygjande HMS-arbeidet i helseføretaket.
Mellom anna kan dette vere:
- Å bidra inn i systematisk HMS-arbeidet i føretaket
- Ha oppdrag tilpassa eigen fagkompetanse
- Gjennomføre yrkesrelatert vaksinasjon
- Undervise om HMS og arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Utdanna sjukepleiar
- Erfaring/interesse innanfor førebyggjande og helsefremjande arbeid
- Ønskjeleg med erfaring frå BHT-arbeid og HMS-arbeid
- Erfaring/interesse for rettleiing og undervisning
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt, men kan samstundes fungere godt i team
- Fleksibel i forhold til handsaming av ulike oppgåvar og personar
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Ein jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Magny Landre, Seksjonsleder, +47 47297247, magny.landre@helse-mr.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4711961345
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321364310
- Sist endret