Vernepleiar/sjukepleiar - 50% fast natt - Avlastningstenester
Alver kommune
- Frist 11.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Avdelinga har ledig ei 50% stilling på natt for deg som er vernepleiar/sjukepleiar. Arbeidstida inneber vakter frå 22:00-7:30, med arbeid kvar 4. helg. Heimen er godt tilrettelagt med eigen leilegheit der dei tilsette arbeider.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane etter vedtak
- Som vakande nattevakt må du ved behov hjelpe til med personleg hygiene, samt ha tilsyn til borna i avdelinga. I denne stillinga vil du særleg ha ansvar for eit born på natt med mat, stell og medisinering
- Sikre at brukarane får eit trygt og fagleg forsvarlig avlastningsopphald
Om avdelinga
Avdelinga består av 4 ulike avlastningsbustader og aktivitetsbasert avlastning. I tillegg til dette gjev vi bistand på natt i ein privat heim og har ansvar for privat avlastning.
I Kvasten avlastningsbustad legg vi vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Vi er og opptatt av tverrfagleg samarbeid og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar. Vi treng å styrke den medisinske biten og ønskjer difor ein vernepleiar/ sjukepleiar.
Vi håpar at du vil vera med på å gjere avlastningsopphaldet trygt og godt for mottakarane av tenestene våre.
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjend vernepleiar/sjukepleiar
- Ei konkret vurdering vil bli gjort i kvart einskild tilfelle, og ein må kunne visa til erfaring, interesse og engasjement for fagfeltet
- Førarkort klasse B
Ønska kompetanse:
- Kjennskap til epilepsi
- Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne er ønskjeleg
- Kjennskap til lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
- Gode digitale kunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Kven er du?
- Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb
- Du har evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar, pårørande og kollegaer
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter tariffavtale
- Ein spanande og variert arbeidskvardag
- Gode rutinar og prosedyrar
- Faste samarbeidsmøte og rettleiing
- Pensjonsordning via KLP
Sjå videoen og bli kjent med Alver kommune!
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321355908
- Sist endret