
Miljøterapeut
Bykle kommune
- Frist 8.10.2023
100% FAST MILJØTERAPEUT STILLING
Omsorgstenesta i Bykle kommune har ledig 100 % faste stilling, i bustad med ressurskrevende tiltak:
Habiliteringstenesta skal tilsette i ei 100% stilling i døgnbemanna bustad, lokalisert på Hovden. Tilbodet er til ein brukar med bemanning 2:1.
Målsetjing med butilbodet er å gje brukar trygge rammer, god omsorg og pleie. Personalet bistår i kontakt med anna hjelpeapparat, aktivitetstilbod, anna oppfølgjing og oppgåver som høyrer med.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av tenestemottakarar ut frå enkeltvedtak
- Miljøterapeutiske oppgåver
- Oppfølgjing og utarbeiding av tiltak og planar
- Bistå brukar i dagleg livet med gjeremål og aktivitetar
- Utøve tenesta i samsvar med målsetjinga for avdelinga og verksemda.
- Samarbeid med andre instansar og pårørande
- Medvirke til eit positivt arbeidsmiljø
- Praktiske oppgåver i bustad og delegerte oppgåver frå koordinator
Kvalifikasjonar
- 3 årig bachelor innan helsefag
- Du må kunne arbeide sjølvstendig.
- Du har erfaring, og evne til å gjere vurderingar aleine og saman med kollega knytta til problemstillingar som kan oppstå.
- Må kunne bruke data og digitaleverktøy
- Gode norsk kunnskaper, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trygg, kommuniserar godt i å møte mennesker.
- Du har empati og evne til å sette deg inn i ulike utfordringar
- Påliteleg, fleksibel, positiv og trygg i arbeidsrolla
- Evne til å samarbeide godt med pårørande og kolleger.
- Initiativrik og løsningsorientert.
- Du kan fokusere på ressurser og moglegheiter framfor begrensingar og barrierer.
- Fleksibel og villig til å jobbe andre steder i virksomheta ved behov.
Vi tilbyr
- Tarifflønn
- Stillingen er langvakt turnus hvor man jobber 2-2-3 på 4 uker med arbeid kvar 4. helg.
- Eit godt tverrfagleg miljø, med fagleg dyktige kollega.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
- Flott natur med gode friluftsmoglegheitar.
- Bykle kommune har full barnehage/SFO dekning.
- Bedriftsleilighet i Kristiansand.
- Ein arbeidsstad med mulighet for fagleg og personleg utvikling.
Den som blir tilsett må følgje oppsett turnusplan. Den tilsette må ha førarkort klasse B
Krav om godkjent politiattest ved tilsetjing.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Bli med å styrkje laget!
Bykle kommune har gode kommunale tenestar. Vi er 170 tilsette med allsidige oppgåver innan eit breitt spekter av teneste område. No skal vi søkjer ein engasjert og motivera medarbeidar.
Sterkare saman
Dei beste resultatane blir til i samhandling. Vi ser kvarandre, deler kompetanse og har eit større perspektiv enn vårt eiget. Vi vektlegg god dialog med innbyggjerane og ønsker samen å skape stadig betre tenester. Vi er alltid på jakt etter effektive og berekraftige måtar å jobbe på – for fellesskapet, miljøet og framtida.
Bykle kommune har fokus på å ha eit inkluderande arbeidsliv og er opptekje av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle seg i mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje!
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det
er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og
Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter.
Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule.
Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt
utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.
- Sted: Skulevegen 2, 4755 Hovden i Setesdal
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321352664
- Sist endret