Lærar Ytre Arna skule
Bergen kommune
- Frist 11.10.2023
Lærar Ytre Arna skule
Vil du bli ein del av team YA? Ein av våre dyktige småtrinnslærarar går ut i morspermisjon, og vi har difor ledig eit lærarvikariat frå 1.desember 2023 og ut skuleåret 23/24.
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.
Skulens visjon er: Trivsel, tryggleik og læring for alle . Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.
Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.
Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.
Det ledige vikariatet er ein 100 % stilling som timelærar på småtrinnet frå 01.12.23-31.07.24.
Vi er opptekne av å rekruttera positive medarbeidarar, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetningar.
Arbeidsoppgaver
Undervisning i alle fag på småtrinnet
Arbeid for eit godt skulemiljø
Teamsamarbeid
Foreldresamarbeid
Deltaking i skulen sine utviklingsprosessar
Kvalifikasjoner
Godkjend lærarutdanning for undervisning 1.-7.trinn
Erfaring frå undervisning på barnetrinnet er ein stor fordel
Digital kompetanse
Spesialpedagogisk og migrasjonspedagogisk kompetanse er ein fordel
Personlige egenskaper
Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
Du er fagleg engasjert, fleksibel, kreativ og løysingsorientert
Du er ansvarsbevisst og strukturert
Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
IA-bedrift
Gode velferdsordningar
Lønn etter gjeldande avtaleverk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Bankvegen 11, 5265 Ytre Arna
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321326817
- Sist endret