
Teknisk Koordinator
Alsaker Fjordbruk AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Har du erfaring med vedlikeholds- og kvalitetssystemer?
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks. Kvalitetskoordinatoren vår skal bli ordførar, og det gjer at me no er på utkikk etter ein som kan ta over oppgåvene hans.
Arbeidsoppgåver:
- Registrering og oppdatering i vedlikehaldssystem (Naviaq)
- Oppfølging av fortøying, flåtar og utstyr på anlegg
- Planlegging av vedlikehaldsoperasjonar
- Arbeid i EQS kvalitetssystem
- Delta i revisjonar
- Anna administrativt arbeid
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning og/eller erfaring frå oppdrettsverksemd. Erfaring med vedlikehaldssystem og generelt gode datakunnskapar. Me ser etter deg som arbeidar systematisk og nøyaktig. Du er sjølvstendig i arbeidet ditt, samtidig som du er god på dialog og samarbeid. God teknisk innsikt er ein føresetnad. Kjennskap til IK Akva og NYTEK vil vera ein fordel.
Kontorstad er Onarheim, der du vil arbeida tett saman med våre dyktige tilsette på sjø og land. Dette er ein utfordrande og spanande jobb, i eit fagleg sterkt og humørfylt miljø.
Du vil få nødvendig opplæring, med moglegheit for fagleg utvikling.
Ein del reiseaktivitet må påreknast.
Løn og tiltreding etter avtale.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Alsaker Fjordbruk AS er administrasjonsselskapet til alle selskapa i konsernet. Hovudkontoret ligg på Onarheim i Tysnes kommune, og har ein stab på 35 personar.
I tillegg til hovudkontoret har konsernet fleire andre bedrifter også tilhøyrande på Onarheim, som matfisklokasjonar, rensefiskanlegg, servicebåtar samt brønnbåtrederi, service og produksjonsbedrift, i tillegg til butikk og utleigeverksemd.
- Sektor: Privat
- Sted: Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kvalitetssikring, Revisjon og kontroll
Nøkkelord
Kvalitetssystem, Vedlikeholdssystem, Revisjon, Oppdrettsnæring, Dokumentasjon
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321320061
- Sist endret




