Sjukepleiar
Kirurgisk sengepost A Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 24.10.2023
Midt i det beste av det Norge kan by på av fjord og fjell finn du Molde!
Våren 2025 flytter vi også inn i et nytt toppmoderne akuttsjukehus på Hjelset. Om du vil vere med på
ein særs spennande periode framover, så les vidare!
Vi har nå ei ledig 100% fast stilling med snarleg oppstart.
Vi bruker mykje tid på god langsiktig turnusplanlegging, og det
er derfor moglegheiter for turnusar som er tilpassa den enkelte. Det
gjeld også om du er mer interessert i ein lavere stillingsprosent.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar verte ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Vi håper du har lyst til å bli ein del av eit spennande og fagsolid sjukepleiarteam. Vi har høg fagleg kompetanse, og eit trygt og
erfarent arbeidsmiljø.
Som sjukepleiar på sengeposten blir du ein del av eit sjukepleiarteam som
omfattar sjukepleiarar i ulik alder, bakgrunn og kjønn. Saman har vi fått til
eit godt arbeidsmiljø med fokus på korleis dette best skal ivaretakast.
Sengeposten har fleire ulike fagområder som gastrokirurgi, plastikkirurgi og
gynekologi. For at sengeposten skal fungere godt er vi avhengig av å ha eit
godt samarbeid mellom dei forskjellige faggruppene. Eit godt samarbeid bidreg
til å sikre god pasientflyt, kvalitetssikring av pasientforløp og fokus på rett
pasientbehandling.
Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Arbeid i tverrfaglege team
- Arbeid med moglegheit for både to- og tredelt turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant sjukepleiarkompetanse
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har ei positiv innstilling
- Du er ansvarsfull
- Du er kunnskapsrik
- Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, +47 97165121Arbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4712798536
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321314046
- Sist endret