Sjukepleiar, faste helgestillingar ved Nordhordland legevakt
Alver kommune
- Frist 08.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar og har interesse for arbeid på legevakt?
Sjukepleiar, faste helgestillingar ved Nordhordland legevakt
Om stillinga
Vi har no ledig fire faste 20 % helgestillingar med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og triagering av pasientar
- Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege
- Prøvetaking og laboratoriearbeid
- Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc)
Om avdelinga
Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke
- Sjukepleiare som er ferdig utdanna sommar 2024 kan vurderast til stillinga
Kven er du?
- Du har interesse og moivasjon for arbeid på legevakt
- Du har gode kommuniksjons- og samarbeidsevner
- Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver
Vi tilbyr
Fagleg spennande og utfordrande oppgåver
Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen
Godt arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321310674
- Sist endret