Inaktiv
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Helse Førde, Tronvik, Rus døgn
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ved posten for Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling, Psykiatrisk klinikk, avdeling Tronvik, har vi frå 01.12.2023 følgjande stilling ledig:
- 100% fast stilling for helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Rusposten har 15 plassar som omfattar 3 plassar for avrusing, 4 stabiliseringsplassar og 8 plassar for rehabilitering. Av desse er ein plass brukarstyrt.
Posten er regionsdekkande for Helse Vest. Det er psykiater, psykologspesialist og LIS knytt til posten.
Du kan lese om rusposten her.
Avdeling Tronvik ligg vakkert til på Kyrkjebø ved Sognefjorden.
Avdelinga har eining for arbeids- /idrettsterapi, samt sosiale tenester.
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling i døgnpost
- Vi ønskjer søkjarar med kunnskap om, og røynsle med miljøterapi
- Tverrfagleg teamarbeid
- Deltaking i behandlingstilbodet fysisk aktivitet
- Todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer personar med respekt for den einskilde pasienten, og som har evner til å skape motivasjon og entusiasme, men også tryggleik omkring seg
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
- Interesse for fagfeltet
- Du må vere personleg eigna, ryddig og ansvarsbevisst og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med bustad, oppgje i søknaden dersom det er ønskjeleg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Elin Lysne, Seksjonsleiar, (+47) 57714316 - 90513981Tanja Strandheim, Stedfortredar seksjonsleiar, (+47) 57714367
Arbeidsstad
Kyrkjebøvegen 4876995 Kyrkjebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4712691945
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2023
Søknadsfrist: 10.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321309988
- Sist endret