Avsnittsleiar
Avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Sunnmøre, Felles eining for ette...
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Trivast du i eit miljø med høgt tempo og krevjande saker, og ønsker å motivere og utvikle andre i arbeidet med eit viktig fagområde?
Vi har ledig eit vikariat som avsnittsleiar ved vårt avsnitt for etterforsking av seksuelle overgrep og grov vald i Ålesund. Vikariatet varar i eit år, med moglegheit til forlenging.
Vi ser etter ein leiar som er særskilt motivert for fagfeltet, i tillegg til å vere positiv, resultatorientert og kreativ. Du trivast med å jobbe i team og har høgt fokus på å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø på avsnittet. I stillinga skal du utvikle gode rutiner for drift av avsnittet i tråd med sentrale og lokale retningslinjer. Derfor er det også viktig å vere samfunnsorientert og ha god heilskapleg forståing for avsnittet si rolle i Møre og Romsdal politidistrikt og samfunnet for øvrig.
Ein del av arbeidet ved avsnittet er hendingsstyrt. Derfor ser vi for oss at du har evne til å takle høgt arbeidspress i periodar. Du vil også bidra i saker i form av rolle som politifagleg etterforskingsleiar, ta avhøyr eller utføre andre etterforskingsskritt.
Avsnittet er ein del av seksjon for etterforsking ved FEFE og avsnittsleiar er ein del av seksjonen si leiargruppe. I tillegg deltar avsnittsleiar i nasjonale faggrupper, forum og diskusjonsgrupper. Fagfeltet er høgt prioritert og i denne stillinga får du moglegheit som leiar til å bli med og utvikle faget, sikre høg kvalitet og samarbeide med dyktige medarbeidarar i politidistriktet.
Arbeidsstad er i Ålesund. Noko reiseverksemd må påreknast.
Vi oppmodar særskilt kvinner om å søke på politileiarstillingar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle avsnittet innanfor dei strategiar, planar og mål som er sett med fokus på fag, medarbeidarar og produksjon
- Drive aktiv prioritering av ressursar og straffesaker tillagt avsnittet i samarbeid med funksjonelle og geografiske einingar
- Sørge for at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Handtere eiga saksportefølje og bidra i etterforskingar på avsnittet gjennom aktiv utøving av ulike etterforskingsskritt og etterforskingsleiing
- Delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følge opp sentrale krav og føringar
- Overordna ansvar for fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder legge til rette for OÅO, systematisk erfaringslæring og kunnskapsbasert forbetringsarbeid
- Samhandle med eksterne samarbeidspartnarar innan fagområdet
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonen
- Ansvarleg for å drive systematisk HMS arbeid ved avsnittet
- Bidra aktivt i seksjonen si leiargruppe
- Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skolen
- Brei arbeidserfaring innan etterforsking av alvorlege straffesaker
- Brei erfaring frå politi- og lensmannsetaten for øvrig
- Svært god kjennskap til lovverket innan etterforsking
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- Norsk og engelsk skriftleg og munnleg
- Gode kunnskapar i bruk av politiet sine datasystem
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG, jfr. sikkerhetsloven
Det er ønskeleg med:
- Relevant leiarutdanning
- Vidareutdanning innan etterforsking, herunder VEF, og særskilt ønska er vidareutdanning innan grov vald/seksuelle overgrep/tilrettelagte avhøyr
- Relevant leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljehandtering
- Erfaring frå etterforsking av saker som omhandlar grov vald eller seksuelle overgrep
- Kjennskap til arbeid innan helse, miljø og sikkerheit
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt stor vekt på gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Heilskapsorientert, og kan sette retning og drive endring
- Resultatorientert og har god gjennomføringsevne i samhandling med andre
- Kreativ og løysingsorientert, og god til å sjå mogelegheiter innanfor tildelte rammer
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Vikariat som politioverbetjent (SKO 0287) i Møre og Romsdal politidistrikt
- Stillinga blir lønna frå kr. 740 000 brutto per år
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Linn Breivik Erstad, Fung. driftseiningsleiar, 92813729Hans Martin Gridseth, Fung. seksjonsleiar, 40236218
Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4705848131
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321300797
- Sist endret