Inaktiv
Ledig lærarvikariat 80%
Nissedal kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Ved Kyrkjebygda oppvekstsenter er det ledig eit lærarvikariat på 80 % frå og med 30. oktober til ut skuleåret 2023-2024 -- id 2023/1153
Vikariatet kan kome til å verte fordelt mellom fleire tilsette.
Undervisningskompetanse på barnetrinnet innanfor fleire fag er ønskjeleg. Særleg fagønskje er mat og helse og kunst og handverk.
Oppgåver:
- Oppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faget, samt å vurdere elevane si faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar.
- Jobben som lærar handlar i stor grad om å samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog og samarbeid med føresette gjennom heile skuleåret.
- Jobben handlar om å samarbeide godt med leiinga ved skulen og vere tru mot denne og sine kollegaer.
Krav til den tilsette:
- Det er krav om lærarutdanning, og ønskje kompetanse innan dei ulike fagretningane.
- Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning(PPU) er og mogleg.
- Det er ønskeleg med erfaring innan dei ulike fagretningane.
I tillegg vil vi vektlegge:
- Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
- Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Nærare opplysningar om stillingane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter får du ved å kontakte rektor Even Holskar, tlf. 47301017 eller på e-post til even.holskar@nissedal.kommune.no
Anna
- Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
- Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Søknad på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist for stillinga er 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321300730
- Sist endret