HR/HMS-rådgivar
Volda kommune
- Frist 8.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du engasjert og har god kompetanse innan HR/HMS-faget? Ønskjer du ein variert kvardag der du får nytta kompetansen din og utvikla deg som fagperson? Då kan du vere den vi treng på laget vårt!
Stillinga som HR/HMS-rådgivar ligg til personalstaben, med arbeidsstad på rådhuset i Volda kommune. Personalstaben har i tillegg til HR og HMS, også ansvar for løn og refusjon. På personalområdet er hovudoppgåvene våre personalforvaltning og sakshandaming, råd og rettleiing, personalsaker, utviklingsarbeid, internopplæring og kvalitetsarbeid. Volda kommune har no starta opp eit prosjekt knytt til Heiltidskultur og stillinga vil ha ein funksjon der.
Volda kommune er ein stor organisasjon med omlag 1000 tilsette og 70 leiarar med personalansvar. I personalstaben er vi sju tilsette, med personalsjefen som næraste leiar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers. Den som vert tilsett vil handtere eit breidt spekter av oppgåver i samarbeid med leiarar, tilsette, tillitsvalde og verneteneste. Vi ser etter deg som er fagleg sterk og som trivst med varierte oppgåver innan HR og HMS, frå operasjonelt til strategisk nivå. Utvikling, endring og digitalisering er ein del av kvardagen vår, og du tek del i dette.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du få høve til å nytte og utvikle kompetansen din både operativt og strategisk:
- personalforvaltning og sakshandsaming
- råd og rettleiing etter gjeldande lov- og avtaleverk
- leiarstøtte i sjukefråvær- og personalsaker
- ta initiativ til, delta i og leie utviklingsarbeid
- etablere og vedlikehalde rutinar og retningsliner
- handsame saker til arbeidsmiljøutvalet og IA-utvalet
- samarbeid med hovudverneombodet og vernetenesta
- systemansvar for kvalitetssystemet vårt, Compilo
- koordinere samarbeidet med bedriftshelsetenesta
Oppgåvene vil kunne endrast og justerast ved behov.
Kvalifikasjonar
Vi meiner følgjande kompetanse vil gjere deg i stand til å trivast med og meistre desse oppgåvene:
- høgare utdanning innan relevante fag
- erfaring frå HR- og/eller HMS-arbeid
- erfaring frå utviklingsarbeid
- erfaring frå prosessleiing og formidling/undervisning er ein fordel
- god digital kompetanse og opptatt av digitalisering og automatisering
Personlege eigenskapar
Vår nye rådgivar vil kjenner seg igjen i dette:
- strukturert og systematisk i sakshandsamingsarbeid
- fleksibel og omgjengeleg i møte med andre
- løysingsorientert og gode evner til samarbeid
- uredd og med evne til å takle uklare situasjoner
- tek initiativ og er i forkant
- bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet i avdelinga
Personlege eigenskaper vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Ein hektisk og spennande kvardag i eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Opplæring/rettleiing/fagleg utvikling
- Arbeidstidsordning med fleksitid
- Pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Løn etter avtale
Aktuelle kandidatar vil verte innkalla til intervju, førebels sett til den 17. og 19. oktober. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg en omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å betre kunne vurdere om vi er ein god match.
Kontaktinformasjon
Berit Lyngstad, personalsjef, +47 97661815Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4707809627
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321188387
- Sist endret