Off. godkjent sjukepleiar
Hjørundfjordheimen
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ørsta kommune har ledig 3 delt fast stilling for off. godkjent sjukepleiar ved Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 14 plassar. Ved avdelinga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
Stillinga er knytt til sjukepleie i sjukeheim, men ein må pårekne sjukepleieoppgåver i bufellesskap på Hjørundfjordheimen og heimesjukepleie i Hjørundfjorden ved behov.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Relevant arbeidserfaring
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Det vil verte gitt særskilt rekrutteringstilskot ved Hjørundfjordheimen
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår: Dag/kveld/natt inkl. helgar
Det kan vere aktuellt å gi bonus for å ta langvakter på helg.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer
at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren
sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og
kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet
om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag
for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg
søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Måseidvåg, Avdelingsleiar, 993 28 994, nina.maseidvag@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og Sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Øyregata 206165 Sæbø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4710486737
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321154237
- Sist endret