Sykepleier
Helse Fonna HF
- Frist 8.10.2023
Sjukepleiar? Me har jobb til deg!
Gastroenterologi og nyremedisin-avdelinga har eit ungt og positivt arbeidsmiljø med 25 dedikerte tilsette.
Sengeposten er i 5. etasje og har akkurat no 10 sengeplassar. Vi har planar om å auke talet på sengeplassar til 12. Inntil det nye bygget står klart, held vi til i den eldre blokka tilhøyrande helse Fonna. Vi ser fram til å flytte inn i vårt splitter nye anlegg i 2027/28.
Postavdelinga vår dekkjer to spesialfelt: gastroenterologi og nyremedisin. Som søkjar har du høvet til å leggje fram preferansane dine om kva fagfelt du ønskjer å fokusere primært på. Vi vil leggje til rette for at ønska dine blir imøtekomne.
Posten vår satsar sterkt på fagleg utvikling, og det blir tilbode fagdagar og moglegheiter for kursing for å auke din og fagkompetansen til avdelinga. Vi oppmodar til hospitering på avdelingar vi samarbeider tett med. Vidare er det også moglegheiter for vidareutdanning innan gastro- og nyresjukepleie om du skulle ønske det.
Dette er ei spennande avdeling som byr på utfordringar og hyggjelege, kompetente kollegaer. Det vil vere travle dagar, men også rolege dagar.
Vi ser fram til å få søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging, under dette observasjon, behandling og varetaking av akutte og elektive pasientar
- Bidra til gode pasientforløp
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
- Bruk av medisinsk teknisk utstyr (MTU).
- Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper, både eksterne og interne instansar
- Være god kollega, og gi rettleiing av studentar
- Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga sitt arbeid innanfor ulike fokusområde.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med relevant erfaring fra arbeid på medisinsk sengepost, men ikkje eit krav
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse. Vi bruker DIPS, Meona og Imatis
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
- Strukturert og ansvarsbevisst
- Nysgjerrig og lærevillig
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivs i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Oppfølgingssamtalar for nytilsette for å kunne tilrettelegge for optimal kompetanseutvikling og trivsel.
- 2-delt eller 3-delt turnus med arbeid 3. hver helg
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Antall stillinger: 4
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
gastro;, nyre
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321152158
- Sist endret