Vitenskapleg assistent i fysisk aktiv læring
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vitenskapleg assistent i fysisk aktiv læring
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som vitskapleg assistent i fysisk aktiv læring ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga er ledig frå 01.11.2023 - 31.07.2025 og blir plassert i Sogndal eller Bergen. Det må påreknast reising mellom studiestadane. Det er høve til å søkje om ei lågare stillingsstorleik, men ikkje lågare enn 50%.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga blir knytt til arbeidet med utvikling, drift og evaluering av FALtastisk- basen, FYSISK AKTIV LÆRING (faltastisk.no (https://faltastisk.no/)). Det er ein database primært for lærarar og andre tilsette i grunnskulen innan fysisk aktiv læring. Den som blir tilsett får moglegheit til å vidareutvikle og evaluere FALtastisk, samt arbeide med forskingsdata i samarbeid med det faglege miljøet i fysisk aktiv læring ved høgskulen. Samhandling med brukarar og eksterne partnarar inngår i stillinga. Stillinga medfører bruk av digitale verktøy, samarbeid med IKT- og mediemiljø og arbeid med evaluering.
Det vil elles liggje undervisning og rettleiingsoppgåver innanfor relevante etter- og vidareutdanningstilbod til stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
For tilsetjing som vitskapeleg assistent må søkjar har fullført mastergrad med godt resultat (normalt A eller B) innanfor pedagogikk eller anna relevant fagområde som har gjeve forståing for og kunnskap om fysisk aktiv læring i skulen. Søkjarar som har levert masteroppgåva innan søknadsfristen kan også søkje.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar og samarbeidspartnarar er påkravd.
Søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt engelsk.
Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
-
Erfaring med digitale verktøy og læringsressursar
-
Erfaring frå forskingsformidling, kommunikasjon og arbeid med forskingsdata
-
Relevant erfaring frå skule og opplæring
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Me ber søkjarar som ønskjer lågare stillingsstorleik enn 100% oppgi i søknaden kva som er ønskjeleg.
Stillingskategorien vitskapleg assistent er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitskapeleg assistent og spesialistkandidat, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova. §1-4. I forskrifta står det mellom anna at det ikkje er høve til å tilsetje personar som tidlegare har vært tilsatt i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse. Det betyr at søkjarar med doktorgrad eller tilsvarande, eller søkjarar som har hatt ei stilling som ph.d.-stipendiat, ikkje vil bli vurdert som kvalifisert for stillinga.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
-
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
-
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
-
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
-
Ei liste over relevante publikasjonar, forskingsrapportar eller anna relevant formidlingsmateriale du har bidrege til
-
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som vitskapleg assistent vert lønna i stillingskode 1019/1020 - Vitskapleg assistent.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Assisterande instituttleiar, Erik Bulie, 53 49 14 15, ebu@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320739678
- Sist endret