Barne- og ungdomsarbeidar
Suldal kommune
- Frist 6.11.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Jobb i Suldal kommune? Me treng deg!
Me teng fleire dyktige barne- og ungdomsarbeidar til barnehagane i Suldal kommune.
Er du på jakt etter dei små og store magiske stundene ilag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.
Frå 01.01.24 har me fleire ledige stillingar i Suldalsbarnehagane.
Ønskje om arbeidsstad må opplysast i søknaden.
Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar ved den einskilde barnehage.
Er du klar ? Me treng deg ! Søk elektonisk innan 06.11.23.
Alle blir tilsett i Suldal kommune med "for tida" i den enkelte barnehage.
Oversikt over barnehagane:
Stølane barnehage:
Einingsleiar Gerd H. Kolstø tlf 97619129 e-post:gerd.kolsto@suldal.kommune.no
Frå og med 01.01.24 er det ledig inntil 200% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar
Sand barnehage:
Einingsleiar Linda Kolstø tlf 92025880 e-post:linda.kolsto@suldal.kommune.no
Frå og med 01.12.23 eller etter avtale er det ledig 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar
Frå og med 01.01.24 er det ledig inntil 200% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar
Vinjar barnehage:
Einingsleiar Ingvild Vold Tveiten tlf 90760429 e-post:ingvild.tveiten@suldal.kommune.no
Frå og med 01.01.24 er det ledig inntil 120% fast som barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsoppgåver
Jobben vil blant anna innebera:
Delansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
Omsetja teoretisk kunnskap i praksis.
Delansvar for vurdering og dokumentering.
Arbeid med barn ute og inne.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Me søkjer deg som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
- Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
- Tilstadeverande.
- Fagleg interessert.
- I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt menneskesyn.
- Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
- Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norskkunnskapar.
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst det nyopna Suldal Bad.
Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Eidsvegen 7, 4230 Sand
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnehage, barne/ungdomsarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320734386
- Sist endret