Rådgjevar PM
Sparebanken Vest
- Frist 8.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi vil bli kjent med deg som leverer eineståande kundeopplevingar og synes sal og rådgjeving er kjekt!
Er du motivert for spennande utfordringar, personleg utvikling, og likar å identifisera moglegheiter og skapa verdi av desse – for dine medarbeidarar, forretningsområdet og banken som heilheit? Då trur vi Sparebanken Vest kan være rette plassen for deg!
Vi vil bli kjent med deg som leverer eineståande kundeopplevingar og synes sal og rådgjeving er kjekt!
Kva skal du gjere som rådgjevar i Sparebanken Vest?
Gode relasjonar til kundane våre er det viktigaste vi har. Som rådgjevar vil di hovudoppgåve i Sparebanken Vest vere å byggje gode og langsiktige relasjonar til kundar, og jobbe aktivt og smart med sal og rådgjeving for å sikre nye. I ei tid med store endringar og høge forventningar frå kundane, vil tett oppfølging og kvalitet i leveransane bli endå viktigare. Som kunderådgjevar vil typiske arbeidsoppgåver vere:
- Byggje og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar - herunder forvalte og utvikle eigen portefølje, inkludert utgåande salsaktivitet. Du må like å ha resultatansvar for eigen portefølje.
- Sal og rådgjeving innan kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktenester både i telefonmøte og videomøter
- Bidra i den daglege drifta av kontoret
Kven er vi?
Bank er mykje meir enn du skulle tru. Vår bransje er stadig i utvikling, og me blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Difor må me heile tida tenkje nytt på korleis me løyser kundanes behov. Kvardagen hos oss er full av varierte og spennande utfordringar, og ingen dag er lik. Det synes me er spennande!
I Sparebanken Vest blir du ein del av ei bedrift som verdsette gode kollegaer, er oppteken av lagspel og som har kundane i fokus. Me tilbyr spennande utviklingsmoglegheiter i ein av Vestlandets ledande organisasjonar, med konkurransedyktige kompensasjonar. Hos oss vil du få vidareutvikla di kompetanse og byggje karriere i eit solid finanshus.
Teamet du blir en del av består av 8 kunnskapsrike og engasjerte rådgivarar som heiar på kvarandre. Me jobbar målretta saman mot bankens visjon om å vere Noregs beste Sparebank.
Kven er vår nye kunderådgjevar?
Vi trur vår nye kollega har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule (finans/ økonomi/ administrasjon) og kan vise til erfaring med gode resultat frå sal og rådgjeving med kundekontakt. God kjensle til daglegbank funksjonar og interesse for finansielle produkt og tenester, samt kredittfagleg kunnskap, vil vere ein fordel.
Vår nye medarbeidar er ein utprega lagspelar som raskt byggjer og utviklar gode relasjonar, internt og eksternt. Som rådgjevar må du være analytisk, proaktiv og initiativrik for å finne dei beste løysningane for kundane. Du må vere fleksibel og evne å snu deg raskt når kundane krev det. Å vere god å kommunisera, både skriftleg og munnleg, er viktig i denne stillinga, når du skal kommunisera gode råd til kundane våre.
Det er eit krav til alle kunderådgivarar i SPV å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men dette vil vere et krav banken legga til rette for å tileigna seg. Vi oppfordrar både erfarne rådgivarar og nyutdanna personar å søke!
Arbeidsstad: Sparebanken Vest sitt kontor i Kvam.
Kva no?
Kjenne du deg heima i det du las her? Eller ynskjer du å læra meir? Ta gjerne kontakt med Banksjef May Turid Tømmervik, slik at me kan bli betre kjend. Det er ikkje viktig for oss at du er ferdig lærd, så lenge har eit nysgjerrig blikk og er ambisiøs for di eige utvikling, samt motivert for å lære saman med teamet ditt!
Vi gler oss til å høyra frå deg!
Vi gjer oppmerksam på at det kan bli krevje framlegging av ordinær politiattest etter politiregisterloven § 40 og bekrefting frå Brønnøysundregistrene om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde for stillingar etter finansforetaksloven §§ 16-12 første ledd b) og 16-12 andre ledd.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: 5600 Norheimsund
- Bransje: Bank, finans og forsikring, IT
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Salg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320704184
- Sist endret
