Fakultetsdirektør
Universitetet i Bergen
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultet
Fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultet
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultetet
Det medisinske fakultet er eit av sju fakultet ved Universitetet i Bergen, og har ledig fast stilling som fakultetsdirektør.
Vi ønskjer deg velkomen til å søkje ei spanande og utfordrande leiarstilling.
Fakultetsdirektøren er del av den strategiske leiinga ved fakultetet og samarbeider med dekanen om å førebu saker for fakultetsstyret og setje vedtak i verk. Dekanen er fakultetets faglege leiar og er den øvste leiaren ved fakultetet. Dekanen er tilsett i åremålsstilling på fire år. Fakultetsdirektøren rapporterer til dekan.
Fakultetsdirektøren har regelmessige møter med universitetsdirektøren saman med fakultetsdirektørane ved dei andre fakulteta ved universitetet og med direktørane i fellesadministrasjonen.
Ved universitetet er omfattande ansvarsmynde delegert til fakulteta og fakultetsdirektøren har overordna, koordinerande oppgåver knytt til budsjett-, forskings-, studie og personalforvaltning, i tillegg til formidling. Fakultetsdirektøren har òg ansvar for å følgje opp arbeidsgjevarpliktane for dei tilsette i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Fakultetsdirektøren sin stab tel 50 medarbeidarar.
Det medisinske fakultet har om lag 2200 studentar og vel 1300 tilsette. Fakultetet har 5 institutt, som er grunneiningane for forsking, undervisning og formidling. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og har utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Fakultetet har eit totalbudsjett på om lag kr 1200 millionar, av det er om lag kr 380 millionar eksternfinansiert. Våre forskingsmiljø er svært konkurransedyktige og det er for tida 3 sentre for framifrå forsking (SFF) ved fakultetet. For nærare informasjon om fakultetet viser me til nettsidene våre. Sjå www.uib.no (http://www.uib.no) og www.uib.no/med (http://www.uib.no/med)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Me søkjer etter ein leiar med:
- Høgare utdanning på minimum masternivå
- Relevant leiarerfaring, helst frå universitets- og høgskulesektoren
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Stor arbeidskapasitet og som arbeider systematisk og sjølvstendig
- Gode leiar- og samarbeidseigenskaper med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
- Evne til å vere utviklingsorientert, ta initiativ og tenke strategisk
- God gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Me kan tilby:
- Interessante og utviklande leiaroppgåver
- Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
- Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
- Løn som avdelingsdirektør etter kode 1060 i Statens lønsregulativ. Løn vert fastsett ved avtale
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse, som gir god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån og forsikringar
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: dekan Per Bakke tlf.: 992 04 032 eller HR-direktør Sonja Irene Dyrkorn tlf.: 481 62 687
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og erfaring med likestillings- og mangfaldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320578292
- Sist endret