Fast helgevakt ved barne - og avlastingsbolig
Bu og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gjere ein forskjell for born/unge med særskilde behov? Vi treng gode medarbeidarar som kan jobbe helg!
Ein spanande og meiningsfylt jobb ved barne - og avlastingsbolig.
Vi har ledig 13,85 % fast stilling som helgevakt med arbeid kvar 3. helg ved barnebolig/avlastane tenester. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåvene er pleie- og omsorgsoppgåver samt individuelt tilpassa miljøterapeutiske oppgåver.
Vi ser spesielt etter deg som er helsefagarbeidar, men mellombels tilsetting kan verte vurdert for også deg som er ufaglært.
Som følgje av omstilling i Sykkylven kommune vil eventuelle interne søkjarar som er kvalifisert for stillinga bli prioritert.
Arbeidsstad
Bu- og rehabiliteringstenestene, p.t barnebolig/avlastande tenester born og unge.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lagt ved den elektroniske søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet er vanleg pleie -og omsorgsoppgåver knytt til brukars behov
- Du må dokumentere i fagsystemet etter kvar vakt
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Andre med tilsvarande kvalifikasjonar eller erfaring frå liknande arbeid kan også verte vurdert for stilling
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato jf. helse- og omsorgstenestelova
Personlege eigenskapar
- Vi legg vekt på personleg eignaheit
- Vi søkjer ein helsefagarbeidar som er tolmodig og empatisk, og som har stor respekt for brukarane og deira ønske og behov
- Du kan arbeide sjølvstendig og målretta
- Du har ei særleg intersse for å yte omsorg til born med særskilde pleie og omsorgsbehov
- Du er positiv til andre, glad i å arbeide, og vektlegg å samarbeida godt med andre
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter avtale eller tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4674521388
Stillingsprosent: 13,85%
Fast
Startdato: 01.09.2023
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320574852
- Sist endret