Inaktiv
Biblioteksjef
Luster kommune Oppvekst
- Frist 1.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Biblioteket har per i dag 2,2 årsverk fordelt på fire tilsette og har eit positivt omdøme med god service og gode tilbod. Biblioteket har eit høgt aktivitetsnivå med mange arrangement for vaksne og barn gjennom året. Luster bibliotek er plassert i Pyramiden kjøpesenter i kommunesenteret Gaupne. Folkebiblioteket administrerer åtte oppvekst-/skulebibliotek utanom biblioteket i Gaupne. Skulane har fast servicetid med skulebibliotekar og høve til sjølvbetening
Stillingsinformasjon
- Luster bibliotek søkjer etter biblioteksjef i 100 % fast stilling frå og med 1. november 2023
- Biblioteksjefen har det faglege og administrative ansvaret for bibliotektenesta i kommunen, og arbeider aktivt for å vidareutvikle biblioteket som kultur – og kunnskapsformidlar
- Biblioteket er organisert under eininga Oppvekst og kultur. Biblioteksjefen deltek i kommunen sitt leiarteam og i nettverk med dei andre biblioteka i Sogn
- Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan med laurdagsvakter kvar fjerde laurdag
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Ansvar for administrativ og fagleg drift av biblioteket med personal - og økonomiansvar
- Vidareutvikle biblioteket som formidlingsarena for litteratur, kultur og samtale
- Vidareutvikle samarbeidet med andre einingar i kommunen og eksterne aktørar
- Publikumsarbeid
Ønska kvalifikasjonar:
- Godkjent bibliotekfagleg utdanning
- Erfaring frå bibliotekverksemd og leiarskap
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Gode kunnskapar innanfor digital formidling og informasjonskompetanse
- Du må være omgjengeleg, serviceinnstilt og ha evne til nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me kan tilby:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver saman med gode kollegaer
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 319722592
- Sist endret