Avdelingsdirektør for verksemdstyring
Norec
- Frist 26.9.2023
Er du leiar med erfaring frå økonomistyring og interesse for eit internasjonalt samfunnsoppdrag?
Norec skal tilsette avdelingsdirektør for verksemdstyring. Som avdelingsdirektør får du ei unik moglegheit til å ta del i leiinga av ein organisasjon som har verda som sitt arbeidsområde, og bidra til at Norec kan levere best mogleg på oppdraget sitt.
Ansvar og oppgåver
Vår nye avdelingsdirektør får ei sentral rolle i styringa av verksemda i tett samarbeid med resten av toppleiinga og Utanriksdepartementet. Du får det overordna ansvaret for to seksjonar, der den eine omfattar støttefunksjonane økonomi, HR, IKT, dokumentforvalting og internkontroll. Den andre seksjonen dekker fagområda kommunikasjon og samfunnskontakt. Vidare får du hovudansvar for det heilskaplege budsjettarbeidet i Norec og personalansvar for dei to seksjonsleiarane i avdelinga.
Du vil vere ein aktiv bidragsytar i det strategiske arbeidet i toppleiinga, og ha ei nøkkelrolle når det gjeld implementering av dei overordna måla. Du skal sikre gode samarbeidslinjer i eiga avdeling og på tvers i organisasjonen, i tillegg til samhandling med eksterne partar.
Erfaring og kvalifikasjonar
Vi ser etter ein trygg og involverande leiar som har erfaring med å leie andre leiarar. Du er strukturert og kombinerer strategiske planar og mål med operativ handling og gjennomføringsevne. Du er i stand til å inspirere og motivere, og har interesse av å sjå medarbeidarane utvikle seg og lykkast.
Vi forventar at du blir motivert av å levere gode tenester til resten av organisasjonen. Du må også vere interessert i å sette deg inn i dei ulike fagområda i avdelinga og i samfunnsoppdraget vårt. Det ligg også til rolla at du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og er eit forbilde som samarbeidspartnar.
For å vere ein aktuell kandidat til stillinga må du ha relevant høgare utdanning innan økonomi eller offentleg styring, og gjerne erfaring med verksemdstyring frå offentleg forvalting. Det kan også vere ein fordel om du har kjennskap til kommunikasjonsarbeid.
Norec stiller krav om personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurdering av søkarane.
Vi tilbyr
* Utfordrande og meiningsfulle oppgåver
* Eit godt arbeidsmiljø i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
* Engasjerte og dedikerte medarbeidarar
* Moglegheit til å påverke eige arbeid og utvikling innan fagfeltet
Les dette før du søker
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.
Vi ser fram til å høyre frå deg
Kontakt Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 eller direktør i Norec Jan Olav Baarøy tlf. 916 24 313 for ytterlegare informasjon om stillinga.
Meld di interesse ved å laste opp CV og søknad i Jobbnorge innan 26.09.2023.
All kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar.
Arbeidsstad for stillinga er Førde.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Vi er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring og kunnskap innan berekraftig utvikling.
Meir enn 220 bedrifter, institusjonar og organisasjonar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt. Les meir om Norec på www.norec.no
- Sted: Fjellvegen 9, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Økonomistyring, Organisasjonsutvikling
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 319194850
- Sist endret



