Ledig stilling som einingsleiar/rektor ved Flatdal oppvekstsenter.
Seljord Kommune Undervisningssjefen
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Kunne du tenkt deg å vere leiar på vårt nyrenoverte og moderne oppvekstsenter?
Det er ledig fast stilling som rektor ved Flatdal oppvekstsenter i Seljord kommune. Flatdal oppvekstsenter ligg sentralt til i naturskjønne Flatdal.
Rektor er einingsleiar for Flatdal oppvekstsenter og utgjer saman med assisterande einingsleiar i barnehagen leiargruppa ved oppvekstsenteret. Det er 200% administrasjonsressurs ved oppvekstsenteret. Einingsleiar og assisterande einingsleiar har felles ansvar for gjennomføring av oppgåver, drift og organisering av oppvekstsenteret. Assisterande einingsleiar har hovudansvaret for barnehagen. Flatdal oppvekstsenter har 25 plassar i barnehagen, og om lag 80 elevar i skulen.
Den som blir tilsett bør ha som mål å utvikle oppvekstsenteret, og skape eit sterkt og godt læringsfellesskap saman med dei tilsette. Einingsleiar må og ha evne til å gjennomføre naudsynte omstillingar. Einingsleiar har fullt personal-, budsjett- og resultatansvar. Det går føre seg ei større utgreiing i kommunen for å utarbeide eit heilskapleg barnehagetilbod i Seljord.
I midten av november står vår nyrenoverte skule klar. Skulebygget inneheld blant anna sju klasserom med tilhøyrande sju grupperom, ein <>, skulebibliotek, skulekjøkken, aula og eige SFO-lokale. Me ynskjer oss ein person som kan vidareføre skulen sine satsingsområde og som kan skape entusiasme og utvikling i nært samarbeid med elevar, tilsette og føresette.
Skulen er i gang med spennande utviklingsarbeid med særleg fokus på desse områda:
· Dysleksivenleg skule
· NME (The Neurosequential Model ofEducation)
· MOT som samfunnsbyggjar. SUPER! MOT si satsing på 1.-4. trinn
· Liv og Røre, fysisk aktivitet og læring
· Heilskapleg lesemetode, <>
· God Skole, godt skule- og læringsmiljø
· Uteskule for alle klassene.
· Økologisk skulehage med blomar, grønsaker, frukt og bær.
Barnehagane i Seljord har eit tett samarbeid og står i spennande utviklingsarbeid med fokus på:
· Psykisk helsefremjande barnehagar i samarbeid med STYD.
- inkluderande leikemiljø
- foreldresamarbeid
- leiing
· Me deltek i PPT si satsing <>
· Me driv barnehagar på ei spesialpedagogisk plattform
· Me samarbeider med skulen, og har eit godt tverretatleg samarbeid
· Barnehagane har ein kommunal spesialpedagog, og samarbeider med kommunens eigen logoped
Kvalifikasjonar:
· Godkjend lærarutdanning
· Undervisningserfaring
· Erfaring og/eller utdanning i skuleleiing/administrasjon
· Interesse og engasjement for skuleutvikling
· Ambisjonar om å skape ein god skule
· Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
· Har gode leiareigenskapar
· Er målretta, utviklingsorientert og ryddig
· Kan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
· Har evne til å bygge gode relasjonar
· Har gode samarbeidsevner
· Positiv, fleksibel og løysingsorientert
· Kan inspirere og engasjere
Vi kan tilby:
· Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
· Godt arbeidsmiljø
- Pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
· Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov, regelverk, avtalar og kommunale vedtak.
I kommunen vår er det godt samarbeidsklima. Oppvekstsektoren i Seljord har felles satsingar internt i kommunen, og me har fokus på den trygge og gode overgangen frå barnehage til skule. Det er god oppdekking med skulehelseteneste, eit aktivt Barne- og ungdomsteam og SLT-koordinator bidreg med førebyggjande arbeid.
Me søkjer ein framoverlent einingsleiar som kan ivareta det gode arbeidsmiljøet ved eininga vår, vidareføre det me brenn for og vere med på å vidareutvikle den positive trenden oppvekstsenteret og Flatdal er inne i.
Gje opp referansar.
Det vil bli gjennomført intervju med aktuelle søkjarar, personleg dugleik vil bli vektlagt.
Seljord har nynorsk som skriftspråk.
Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Nærare informasjon ved kommunalsjef for oppvekst, Elisabeth Nerli, mobil 92802537. elisabeth.nerli@seljord.kommune.no.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 318556351
- Sist endret