Vaktmester/Driftsoperatør
Engevik Byggsenter as
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Engevik Byggsenter søker driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsoppgåver og ansvar
I denne stillinga vil du få ansvar for løpande drift og vedlikehald av våre eigedomar og oppdragsgivarar sine eigedomar. Du vil ha ei variert arbeidshverdag med stor breidde i oppgåver, der ingen dagar er like.
Du vil bidra til å sikre at bygningsmasse og uteområde til ei kvar tid framstår presentable, funksjonelle og godt ivaretatt. Arbeidsoppgåvene omfattar både praktisk utføring, koordinering og oppfølging.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
Drift og vedlikehald av eigedomar
Drift, kontroll og ettersyn av tekniske anlegg
Oppfølging av henvendingar frå leigetakarar
Vintervedlikehald, inkludert brøyting og strøing
Utføring og oppfølging av offentleg pålagde kontrollar og oppgåver
Koordinering av eigne og innleigde entreprenørar og fagmiljø
Klargjering av lokale ved inn- og utflytting av leigetakarar
Utføring av mindre ombyggingar og prosjekt
Bidra til gode løysingar og trivsel for våre leigetakarar
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har teknisk forståing og likar ei variert arbeidshverdag med ansvar.
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant fagbakgrunn, gjerne fagbrev som byggdriftar, vaktmeister, elektrikar, tømrar, automasjon eller anna relevant erfaring
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førarkort klasse B
Generelle datakunnskapar
Personlege eigenskapar
For å trivast i rolla trur vi du er:
Strukturert og løysingsorientert
Praktisk anlagt og sjølvstendig
Serviceinnstilt og opptatt av gode relasjonar
Ansvarsbevisst og kvalitetsorientert
Komfortabel med ein hektisk og variert arbeidskvardag
Vi kan tilby
Ei spennande og variert stilling med stort handlingsrom
Moglegheit til å påverke og skape resultat i ei utviklingsorientert verksemd
Eit uformelt arbeidsmiljø med høgt engasjement og korte beslutningsvegar
Karriere- og utviklingsmoglegheiter
Tett samarbeid med eigarar og leiing i konsernet
Lønn etter avtale
Bilordning
Dette er moglegheita for deg som ønskjer ansvar, likar høgt tempo og vil vere med å utvikle eigedomar og skape gode resultat. Har du spørsmål om stillinga, tek vi gjerne ein uforpliktande prat.
Ferdigheter
- Dataferdigheter
- Drift av eiendommer
- Drift og vedlikehold av tekniske anlegg
- Norsk
- Vinterdrift
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Hatlandsmyro 8, 5412 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Snekker/Tømrer
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
vaktmester, Tømrer, Elektriker, Rørlegger, Driftsoperatør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 312950201
- Sist endret


