Inaktiv
100% stilling som sjåfør / renovatør ved Renovasjonen
Ullensvang kommune
- Frist 31.3.2023
- Ansettelsesform Fast
100% stilling som sjåfør / renovatør ved Renovasjonen
1 stilling a 100%, som sjåfør / renovatør hjå Ullensvang kommune
Er du ein engasjert morgenfugl med glimt i auget, er denne stillinga noko for deg. Ullensvang kommune si renovasjonsteneste søkjer etter ein ny sjåfør som kan bidra til å utføre samfunnskritisk oppgåve. Vi er ein fin gjeng som gjerne vil ha ein ny kollega som kan hjelpe oss med dette.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Innsamling av matavfall/papir og restavfall frå hushaldningar og bedriftar.
- Innsamling av glas og papp, plastemballasje og klede.
- Mottak og handtering av grovavfall på Lindenes Miljøstasjon
- Den som vert tilsett vil måtte pårekna å jobba innan samtlege av desse områda, men vil også inngå i arbeidsoppgåver på kommunen sine miljøstasjonar. Dette inkluderer laurdagsarbeid, etter turnus.
- I den daglege drifta rapporterer renovatøren til avdelingsleiar renovasjon.
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Kompetansekrav er kl C førarkort. Maskinførarbevis og Fagbrev i gjenvinningsfaget er ynskjeleg.
- Godkjend YSK
- Du må vere villig til gjennomgå nødvendig opplæring.
- Relevant erfaring innan renovasjon er å føretrekkja.
- Det er viktig at du kan samarbeida i eit team, men også at du kan arbeida sjølvstendig.
- Kunne kommunisere munnleg og skriftleg på norsk
Lønsvilkår:
- Etter hovudtariffavtalen
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Maskinfører og -operatør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 294833779
- Sist endret