Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Volda
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

Driftsleder

STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA

  • Søknadsfrist 24.1.2023
  • Ansettelsesform Fast

Er du den nye driftsleiaren vår?

Likar du ein variert arbeidskvardag og samarbeider godt med andre? Då kan det vere du er vår nye driftsleiar!


Driftsavdelinga vår er i dag eit team på fire personar. Vi har over 620 studentbustadar, barnehage, studenthus og fleire næringseigedomar som driftsavdelinga har den daglege oppfølginga og vedlikehaldet av.


Som driftsleiar er du drifts- og vedlikehaldsansvarleg for eigedommane våre. Du vil ha personalansvar for dei tilsette i driftsavdelinga og rapporterer til direktør. Driftsleiaren arbeider praktisk ute på eigedomane, i tillegg til administrativt arbeid på kontoret.


Arbeidsoppgåver

·        Dagleg drift og utvikling av avdelinga

·        Ansvar for alle eigedomar og alt utstyr vi eig og forvaltar

·        Sikre og utvikle gode rutinar knytt til drift og service, samt handtere akutte situasjonar

·        Vere delaktig i å utvikle eit godt bumiljø for studentane med høg grad av service

·        Ansvarleg for avtalar som gjeld innkjøp, drift og vedlikehald

·        Skape gode relasjonar til kundar og samarbeidspartnarar


Ønska kvalifikasjonar

·        Utdanning innan bygg- og anlegg, eller annan relevant fagbakgrunn

·        Relevant leiarerfaring, helst med personalansvar

·        Kunnskap og erfaring med SD-anlegg og FDV-system

·        Generell god IKT-kompetanse

·        Må kunne kommunisere godt på norsk og engelsk 


Personlege eigenskapar

·        Dyktig leiar som er flink med menneske, og god til å motivere

·        Gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team

·        Initiativrik, ansvarsbevisst og opptatt av å yte god service

·        God arbeidsmoral og høg arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.


Vi tilbyr

·        Jobb i eit spanande miljø med varierte arbeidsoppgåver

·        Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale

·        Gode pensjons- og forsikringsordningar

·        Ein meiningsfull jobb som er med og betrar studentane sin kvardag

Om arbeidsgiveren

Vi i Studentsamskipnaden i Volda arbeider for at studentane i Volda skal ha ein så fin og trygg studiekvardag som mogleg.

SiVolda er ein velferdsorganisasjon for vel 4000 studentar i Volda. SiVolda er ei sjølvstendig verksemd innan høgskulesystemet med ansvar for drift av mellom anna studentbustadar, kantine, kafé, barnehage, studenthus og sosial- og psykologisk rådgjevingsteneste. SiVolda har rundt 30 tilsette og ei årsomsetning på om lag 55 mill. kr.
  • Sektor: Privat
  • Sted: Elvegata 24, 6103 Volda
  • Bransje: Annet, Drift og vedlikeholdstjenester, Hotell og overnatting
  • Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Ledelse
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

driftsleder, eiendomsdrift, vaktmester, drift/vedlikehold, driftsoperatør

Administrasjonsbygget til Studentsamskipnaden i Volda. Driftsavdelinga held til i 1. etg. (1/6)

  • Administrasjonsbygget til Studentsamskipnaden i Volda. Driftsavdelinga held til i 1. etg.
  • Myrane studentheim
  • Dei nye blokkene på Heltne studentheim
  • Gamle og nye blokker på Heltne
  • Porse studentheim
  • Volda <3
STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Rune Aasen
  • Stillingstittel: Assisterande direktør
  • Mobil: 90 63 72 27
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

32 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Elvegata 24, 6103 Volda

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 287159493
  • Sist endret 11.1.2023, 15:10
Rapporter annonse