
Redaktør og dagleg leiar
Øyposten
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Øyposten søkjer: Redaktør og dagleg leiar
Vår noverande redaktør sluttar, og vi søkjer etter ein ny redaktør for Øyposten.
Du vil leie ein liten og kompetent redaksjon, og sjølv vere ein skrivande redaktør. Di oppgåve blir å sette dagsorden, skape ein arena for debatt, og gje folket den beste oversikta og oppdateringa frå Finnøy og Rennesøy. Å engasjere lesarane i journalistikken er det viktigaste målet på om vi lukkast. Vår nye redaktør vil også vere dagleg leiar for verksemda.
Vi ser etter ein kandidat som har erfaring som journalist eller redaktør, og som er godt kjend med det etiske regelverket i pressa. Du har eit stort engasjement for journalistikken og for samfunnet avisa er ein del av. Du er ein person som ser moglegheitene for Øyposten i ei stadig meir digital medieverd, og har gjerne erfaring med nynorsk.
Vi tilbyr ein hektisk og morosam jobb saman med trivelege og dyktige kollegaer i Øyposten og i Schibsted, mediekonsernet som Øyposten er ein del av. Lønn etter avtale.
Søknadsfrist: 12. desember 2022
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Styreleiar i Øyposten AS, Øyulf Hjertenes
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 4160 Finnøy
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Journalist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 281946184
- Sist endret
