FINNJobbSøkVestlandSogndal
SIMAS IKS logo
SIMAS IKS
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Teknisk utviklingssjef

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Kaupanger
  • Søknadsfrist 31.10.2022
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Bli med på å utvikle avfallsbransjen

Avfallsbransjen har ein sentral rolle i det grøne skiftet og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Vi ser etter en teknisk utviklingssjef som kan vere med å utvikle SIMAS vidare som eit framtidsretta renovasjonsselskap.

 

Vi ser etter deg som vil vere leiar for teknologi og tenesteutvikling. Vi ynskjer ein leiar som er oppteken av utvikling og nyvinning. Du vil vere ein del av stab- og leiargruppa, og jobbe tett med organisasjonen, leverandørar, næringsaktørar, andre avfallsselskap og eigarkommunane i arbeidet med sirkulær økonomi. Som person har du eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.

 

Desse kvalifikasjonane ser vi etter

  • Høgare relevant utdanning innan teknologi, bygg- og/eller miljøfag.
  • Leiarerfaring
  • Dokumentert erfaring med prosjektleiing


 I tillegg ynskjer vi at du:

  • Har stort engasjement for miljø og berekraft
  • Interesse for teknologiutvikling
  • Har fagleg innsikt innan avfall, gjenvinning og miljøvern
  • Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Har erfaring med innkjøp og anskaffingar
  • Er tydleg, målretta og kan ta avgjerder
  • Er vant med å jobbe tverrfagleg
  • Er positiv, humørfylt og inkluderande

 

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle verksemda sine mål og strategiar i lag med leiargruppa
  • Ansvar for prosjekt innan utbygging og driftsoptimalisering
  • Leie anskaffingsprosessar
  • Jobbe saman med kommunane i utviklinga av tenestetilbodet

 

Me tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar.
  • Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning.
  • Konkurransedyktig løn.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling.
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgivnadar, med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skuler og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du òg oppleve ein køfri kvardag.

Om arbeidsgiveren

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn. Med stort fokus på klima og miljø spelar selskapet ei viktig rolle i samfunnsutviklinga.

Vi jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.
  • Sted: Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger
  • Bransje: Industri og produksjon, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
  • Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

DU

Dagny Ugulsvik Alvik

Direktør

91 39 09 43Kopier telefonnummer 91 39 09 43

Firmaets beliggenhet

Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger

Kart
Søknadsfrist: 31.10.2022

7 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med Rekkje stiutvikling

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 276060799
  • Sist endret: 7.10.2022, 15:56
  • Org.nr.: 974888076Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse