Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Fristen er utløpt

Rådgivar kommunikasjon og samfunnskontakt

Maritime CleanTech

  • Frist 16.10.2022
  • Ansettelsesform Fast

Bli med i eit verdsleiande miljø for utviklinga av grøn skipsfart

Brenn du for innovasjon og grøn omstilling, og likar å driva med strategisk kommunikasjonsarbeid? I Maritime CleanTech får du sjansen til å realisera ambisjonane!

Maritime CleanTech er i vekst og treng fleire nye medarbeidarar til å jobba fram berekraftig innovasjon saman med medlemsbedriftene våre.

 

Hos oss er arbeidsdagen variert og dynamisk. Du får erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid, og blir raskt involvert i teamarbeid, prosjektutvikling og innovasjon. Gjennom tett samarbeid med dei mange medlemsbedriftene våre vil du få tilgang til eit unikt nettverk av dyktige partnarar frå heile den maritime næringa. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og mange spanande utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.

 

No søker me etter ein utviklingsorientert kommunikasjonsrådgivar som skal formidla og profilera nye grøne løysingar for ei global næring.

 

Sentrale oppgåver vil vera:

  • Bistå i å utvikla og følga opp kommunikasjonsstrategi og -kanalar i MCT og prosjekt
  • Planlegga og gjennomføra kommunikasjons- og marknadsføringsaktivitetar i MCT og prosjekt
  • Følga opp arbeidet med PR og myndigheitskontakt
  • Delta i planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Følga opp medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar
  • Bistå i tekstproduksjon og søknadsskriving, på både norsk og engelsk

 

Du er ein strategisk kommunikasjonsrådgivar som gjerne har erfaring frå maritim næring, politikk, journalistikk og/eller kommunikasjon. I tillegg er du ein engasjert og tillitsfull kollega, som tar initiativ og ser moglegheiter.

 

Vil du vera med på laget i arbeidet mot grøn vekst i Noregs viktigaste næring? Send oss ein cv og kortfatta søknad. Me ønsker rask oppstart og søknader vil bli vurdert løpande. Endeleg søknadsfrist er 16. oktober.

 

Maritime CleanTech har kontor på Stord og i Bergen. Fleksible ordningar for arbeidsstad kan diskuterast for den rette kandidaten.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert direktør Håvard Tvedte.

  • Sektor: Organisasjoner
  • Sted: Nøstegaten 44, 5011 Bergen
  • Bransje: Ideelle organisasjoner, Maritim og offshore, Shipping
  • Stillingsfunksjon: Journalist, PR og informasjon, Rådgivning
  • Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Nøkkelord

kommunikasjon, kommunikasjonsrådgiver, strategisk rådgiver, samfunnskontakt, journalist

(1/2)

  • Bilde 1 av 2 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 2 i jobbannonse-galleriet
Maritime CleanTech logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Håvard Tvedte
  • Stillingstittel: Konstituert direktør
  • Mobil: 92 63 01 19
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Karina Hope Sortland
  • Stillingstittel: Leiar for forretningsdrift og administrasjon
Send melding
  • Hjemmeside

48 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Nøstegaten 44, 5011 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 275546692
  • Sist endret 3.10.2022, 17:38
Rapporter annonse