Dagleg leiar
Stiftinga Den norske bokbyen
- Frist 1.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein av dei mest unike kulturinstitusjonane i landet?
Den norske bokbyen i Fjærland vart grunnlagd i 1995 og offisielt opna i 1996 av dåverande kulturminister, Åse Kleveland. Bokbyen har no om lag 4 hyllekilometer bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. At bokbyen baserer seg på gjenbruk også når det gjeld utnytting av ledige lokale, gjer at bokutsala blir svært originale i utforming. I tillegg er bokbyen eit levande litteraturhus med litteratur- og kulturarrangement gjennom heile året.
Vil du jobbe i ein av dei mest unike kulturinstitusjonane i landet? Stiftinga Den norske bokbyen søker:
Dagleg leiar
60% stilling med ambisjon om auke til 100%
Vår daglege leiar sluttar og vi søkjer etter ny dagleg leiar frå 2024.
Me ser etter deg som drøymer om å bygge verdas beste bokby i ei lita bygd. Som er kreativ, strukturert og vil vere med å vidareutvikle bokbyen og gjere han meir kjend både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Sentrale arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
· Leiing arbeidet i stiftinga
· Utvikling av strategi og handlingsplanar
· Finansiering, budsjett og økonomiarbeid
· Planlegging og gjennomføring av arrangement
· Marknadsføring av bokbyen i sosiale og tradisjonelle medier
· Tett dialog med samarbeidspartnarar innan litteraturfeltet, reiselivet, lokalsamfunn, offentlege etatar og andre
· Forvaltning av stiftinga sine eigendelar
· Representasjon
Me tilbyr:
· Fleksibelt og spennande arbeid
· Mogelegheita til vere med å forme ein heil bokby
· Høve til nær- eller fjernkontor
· Samarbeid med eit entusiastisk styre og andre flotte samarbeidspartnarar
Søknadsfrist 1. oktober
Spørsmål om stillinga og søknad til styreleiar Marit Aakre Tennø
Tlf: 45471716
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: 6848 Fjærland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
litteratur, bøker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 269253493
- Sist endret