Driftsleiar
Volda Campus Arena AS
- Frist 6.5.2022
- Ansettelsesform Fast
Volda Campus Sparebank 1 Arena søkjer etter driftsleiar
Om stillinga
Deltidsstilling (60%). Jobben som driftsleiar blir i størst mogleg grad utført på dagtid mellom 09.00 – 14.00, men ein må pårekne noko fleksibilitet i arbeidstid. I tillegg til driftsleiar vil VCA ha ein teamleiar for hallvertar på ettermiddags-/kveldstid.
Arbeidsoppgåvene er knytt til dagleg drift av anlegget, der følgjande oppgåver er sentrale:
· Fast kontaktpunkt for leigetakarane på dagtid
· Drift og oppfølging av ulike system
· Leverandøroppfølging samt oppfølging av serviceavtaler
· Halde oversikt over booking og ledig kapasitet i hallen til ei kvar tid
· God kommunikasjon med og oppfølging av teamleiar for hallvertar, personalansvar for teamleiar og hallvertar
· Godkjenning og betaling av fakturaer
· Sal og marknadsføring
· Praktisk vedlikehald og tilrettelegging
· Andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel med relevant utdanning utover vidaregåande skule. I tillegg ynskjer vi at du har fagleg innsikt i eigedomsdrift og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi ynskjer tilsetting i god tid før 1.9.22. Løn etter avtale.
Driftsleiar rapporterer til styreleiar i VCA AS.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Joplassvegen 1, 6103 Volda
- Bransje: Eiendom, Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Ledelse, Teknisk personell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 255978337
- Sist endret