
Kunderådgjevar personmarknad
Luster Sparebank
- Frist 19.1.2022
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye kunderådgjevar?
Me ser etter nokon som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver
- Breidderådgjeving innan kreditt, forsikring og sparing
- Ansvar for eigen kundeportefølje
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- God økonomisk forståing
- Erfaring frå kunderetta rådgjeving/sal
- Gjerne autorisert innan kreditt/forsikring/AFR
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er god på å finne dei rette løysingane for kunden i forskjellige fasar av livet.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Me kan tilby
Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er «Saman når me måla dine» og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er «Personleg, Ansvarleg og Kompetent».
- Sektor: Privat
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Saksbehandler
Bilete frå Molden. Luster utgangspunktet for mange flotte fjellturar. (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 243733594
- Sist endret




