Prosjektleiar og forretningsutviklar
Visit Nordfjord AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du vere med å leie Nordfjord til eit meir verdiorientert reisemål?
Visit Nordfjord søker ein prosjektleiar og forretningsutviklar, som skal utvikle og leie berekraftsatsinga i Visit Nordfjord. Stillinga krev også at du som prosjektleiar og forretningsutviklar skal identifisere og utvikle nye innovasjonsprosjekt, som leier til eit meir verdiorientert reisemål.
Ansvarsområde:
- Planlegge og utføre aktivitetar som leier til sertifiseringen av Nordfjord som Berekraftig reisemål
- Ansvar for Visit Nordfjord si sertifisering som Miljøfyrtårn, med dette sørge for utvikling og målsetjingar
- Drifte Visit Nordfjord sitt medlemsnettverk for berekraft
- Utvikle og drive kommunikasjon knytta til berekraft, med dette nettside og medlemskommunikasjon
- Samle, strukturere og anvende data knytta til berekraft
- Etablere arbeidsprosessar knytta til berekraft
- Bistå medlemsaktørar med implementere av ulike miljøsertifiseringsløysingar
- Identifisere og utvikle nye forretningsmoglegheiter for reiselivet i regionen
- Oppstart og gjennomføring av årlege innovasjonsprosjekt i samsvar med planlagt budsjett
- Etablere effektive arbeidsmetodar internt, som er knytta til prosjekthåndtering
Vi ser etter deg som er:
- Engasjert i berekraft, miljø og samfunnsansvar
- Evne til kreativ tenking, kreativ problemløysing og teknologiforståing
- Kjennskap til ulike prosjketverktøy
- Evne til å forankre og ta beslutning
Kvalifikasjonar til stillinga:
- Høgare utdanning
- Prosjektleiareigenskapar
- Kunnskap innan søknadsprosessar
- Relasjonsbyggande eigenskapar
- Kommunikasjonseigenskapar
- Analytiske eigenskapar
- Digital kompetanse
Den tilsette må pårekne andre ansvarsområder i samsvar med selskapet sin forretningsmodell og utvikling. Aktuelle arbeidsområder er marknadsarbeid og regionsutvikling.
Engasjement 2 år - Med moglegheit for fast stilling etter avslutta prosjektperiode.
Vi tilbyr:
- Deltaking i eit kompetent, men uformelt arbeidsmiljø
- Påverknadsmoglegheiter
- Spennande og utfordrande jobb innanfor framtidas premissdrivar for reisemålsutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Perhusvegen 24, 6783 Stryn
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Markedsføring og annonsering, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Markedsfører, Prosjektledelse
Nøkkelord
Bærekraftsansvalig, Digitalkompetanse, Innovasjonsprosjekt, Forretningsutvikler, Prosjektleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 239849746
- Sist endret