Vikariat som administrasjonssekretær (20% stilling)
Sosialistisk Venstreparti
- Frist 14.8.2020
- Ansettelsesform Vikariat
Treng du deltidsjobb ved sidan av studiar?
Ein av administrasjonssekretærane på SV sitt partikontor skal ha delvis permisjon frå hausten, og vi søkjer etter ein vikar i 20% stilling som kan ta over hennar arbeidsoppgåver.
Vi søkjer etter ein ryddig og serviceinnstilt person med engasjement for SV, til å vere ein del av førstelinjetenesta vår. Vi søkjer deg som vil sørge for at folk som kontaktar SV får eit godt inntrykk av partiet, og gode svar.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Handtering av sentralbord og førespurnader på e-post og sosiale medier .
- Oppdateringar og utvikling av medlemsregisteret.
- Oppfølging og oppdatering av e-postlister og nettsider.
- Kontorfunksjonar som bestilling av rekvisita, møteromsbestillingar m.m.
Vi leitar etter deg som:
- Kan gje folk eit høfleg og profesjonelt møte med partiet.
- Arbeider ryddig og effektivt, med god gjennomføringsevne.
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Har kjennskap til SV sin organisasjon og politikk.
- Har god datakunnskap og meistrar Office-pakken godt.
- Har gode samarbeidsevner.
Hos oss får du:
- Fast arbeidsdag kvar tysdag, på partikontoret til SV på Tøyen.
- Fleksibel arbeidstid, med kjernetid frå kl. 10 til kl. 15.
- Eit godt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø.
- Løn i samsvar med tariffavtale mellom HK og AAF, og SVs lokale lønspolitikk.
- Oppstart 1. september. Vikariatet varer til 31. oktober 2021.
Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn.
Søknadsprosessen:
Er du interessert i jobben? Registrer søknaden din på søknadsportalen på finn.no, og last opp CV og søknadsbrev innan 14. august. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju i uke 34/35.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Hagegata 22, 0656 Oslo
- Bransje: Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Sentralbord
Nøkkelord
Politikk, Organisasjon, Administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 183649755
- Sist endret