Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ulstein
Fristen er utløpt

INDUSTRIMEKANIKAR / MONTØR

Evotec AS

  • Frist 10.6.2019

Mekanikar med stor stå-på vilje?

Er du glad i å skru, er systematisk og har stor stå-på vilje?

Vi søkjer no etter Industrimekanikar / Montør for snarleg tilsetjing.

Vedkommande vi søkjer er ein motivert og strukturert medarbeidar som er proaktiv, tek ansvar og er villig til å ha sentral rolle i gjennomføring av små og store prosjekt, både leveranse og utvikling/prototype.

Vedkommande må vere «hands-on» og delta i klargjering, montering og testing av utstyr i vår produksjonsavdeling i Ulsteinvik.

Vi søker deg som kan vise til relevant utdanning (fagbrev) og erfaring, og som har gode referansar opp mot både personlege eigenskapar og kompetanse/erfaring. Kompetanse/erfaring med rørlegging (hydraulikk) og elektro vil vere ein fordel.

Erfaring frå liknande industri og/eller produkt, og produksjonskunnskap er ein fordel.

Det er til tider hektisk med å nå leveransefristar så det er viktig at ein etter behov kan stå på ekstra når det krevjast.

I tillegg søker vi ein kandidat med generell god og balansert HSE forståing slik at ein kan vidareutvikle ein sunn HSE kultur i avdelinga. Dette er viktig når tungt utstyr skal monterast og handterast, eller testast.

Stillinga vil rapportere til Production Manager.

Primært er det snakk om ei stilling, men med rette kandidatane iblant søkarane kan det vere aktuelt å utvide denne ramma til ei ekstra stilling.


Vil vil gjerne ha fleire dyktige kvinner med på laget, og vil oppfordre kvinner om å søkje.

For den rette kanidaten kan vi tilby eit svært godt arbeidsmiljø der alle vil kunne søke utfordringar og personleg utvikling. I tillegg tilbyr vi konkuransedyktige betingelsar.


Søknad med CV via Finn.no søknadsportal innan 10.06.2019

Om arbeidsgiveren

Evotec AS utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore.
Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar.
Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.

Etter nokre år som del av eit større konsern er vi no tilbake med forankring i lokalt eigarskap og skal rigge bedrifta for vidare satsing og vekst.
  • Sted: Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik
  • Bransje: Maritim og offshore
  • Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon

Nøkkelord

Mekanisk, Produksjon, Montering, Testing

(1/5)

  • Bilde 1 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 5 av 5 i jobbannonse-galleriet
Evotec AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: John Arne Sætre
  • Stillingstittel: Production Manager
  • Kontaktperson: Bjørn Berge
  • Stillingstittel: Operation Manager
  • Hjemmeside

33 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 148269424
  • Sist endret 11.6.2019, 00:06
Rapporter annonse