Dirigent
Time kommune
- Frist 20.5.2019
Dirigent
He du futt å fræs??
Bryne skulekorps søker etter ny dirigent i 26,52% stilling frå hausten 2019.
Me har per i dag 45 musikantar i alderen 8 til 19 år og er det største korpset i
kommunen. Me har janitsjarbesetning og øver på torsdagar frå kl. 16.45-1730
(aspirant/juniorkorps) og 17.45 til 19.45 (seniorkorps).
Me har eit tett samarbeid med Time kulturskule. Musikantene får individuell
instrumentopplæring dei to fyrste åra. Fleire av musikantane deltek òg på NMF sine sommarkurs.
Me ynskjer å utvikle oss og bli betre og søker etter ein ny dirigent som kan
inspirere og begeistre - kanskje med eit spesielt fokus på medlemmane i alderen 13+?
Me deltek i Rogalandsmesterskapet og har dei siste åra veksla mellom 3. og 4. divisjon.
Elles spelar me fast på nasjonaldagen og opninga til Kulturskuleveka, og forsøker elles
å visa oss fram i lokalmiljøet gjennom mindre konsertar, korpsfestivalar og speleoppdrag.
Me har to helgeseminar i året og reiser alltid på sommartur anten innanlands eller utenlands.
Det vert også ledig stilling som instruktør i skulekorps i Time i tillegg til dirigentstillinga.
Legg til i søknaden viss det er aktuelt, og kva instrument du eventuelt kan undervisa på.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Resultat og referansar frå eventuelle tidlegare korps.
- Relevant musikalsk og pedagogisk erfaring i arbeid med barn og unge
- Erfaring og personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
- Dirigenten må kunne tilpassa musikk og arrangement til korpset, slik at alle musikantane har utfordringar etter nivå
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Arbeidsoppgåver
- Musikalsk leiing av korpset
- Faste øvingar, deltaking på helgeseminar og konsertar
- Val av repertoar, deltaking i planlegging av aktivitetar og konsertar
- Ansvar for korpset si musikalske utvikling
- Det er eit ynskje at dirigenten deltek på styremøter
- Dirigenten deltek på fellesmøter i Time kulturskule
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og løysningsorientert
- Evne til å inspirere og begeistre
- Ynskje om og glede av å arbeide med barn og unge
- Kreativ og initiativrik
Me tilbyr
- Godt samarbeid med eit aktivt styre
- Å bli del av eit kreativt og aktivt kollegie i Time kulturskule
- Bli del av korpsseksjon i Time kulturskule
- Tverrfagleg samarbeid
Kontaktpersoner;
Mette Thorsen, leiar Bryne skulekorps, tlf 91889612
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja
ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga
via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv
om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte
til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne,
seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Kontaktperson
Astrid Fjeld, Rektor, tlf: 51776409, mobil: 48293505, astrid.fjeld@time.kommune.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
- Sted: OLA BARKVEDS VEG 16, 4340 Bryne
- Bransje: Musikk
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
musikk, undervisning, oppvekst, barn, kreativ
Annonseinformasjon
- FINN-kode 146420587
- Sist endret