Vernepleier
Lindås kommune
- Frist 29.4.2019
Vernepleiar
Eining for funksjonshemma gir tenester til personar med utviklingshemming/nedsett funksjonsevne i form av tenester i bustader, arbeids- og aktivitetssenter og ulike former for avlasting.
Me har no ledig 2 x 100% stillingar som vernepleiar i Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen bufellesskap. Dette er 2 bufellesskap som begge har 6 bebuarar med utviklingshemming og andre fysiske og/eller psykiske lidingar. Bufellesskapa ligg sentralt i Knarvik, nær butikkar, offentlege tenester og offentleg kommunikasjon. Stillingane går i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar 3. veke med ordinære vakter eller langvakter kvar 4. eller 6. helg. Som tilsett hjå oss vil du vere med på å utvikle tenestene til beste for brukarane, og å vere med på det spanande arbeidet med å samordne tenestene saman med våre 2 nabokommunar fram mot nye Alver kommune i 2020
Arbeidsoppgåver:
• Primærkontaktoppgåver
• Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
• Delta i fagutviklingsarbeid
• Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
• Oppgåver delegert frå leiar
• Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
• Kvalitetsutvikling og kvalitetssikring av tenestene, - igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
• Pårørandesamarbeid
• Sikre samarbeid mellom brukar og andre instansar
Ønskt kompetanse
• Vernepleier med autorisasjon
• Erfaring fra målretta arbeid for personar med utviklingshemming og psykiske lidingar
• Evne til å takle ande personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
• Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer
• Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
• God norsk munnleg og skriftlig framstillingsevne
• Gode datakunnskapar
• Førarkort klasse B
Me tilbyr:
Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk Gode pensjonsordningar Meiningsfulle oppgåver og godt arbeidsmiljø
Politiattest Det vert stilt krav til godkjent politiattest
Søknad Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.
Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Bjørg Konglevoll Lunde, tlf.: 99316642 bjorg.konglevoll.lunde@lindas.kommune.no Einingsleiar Bernt Fjordheim, tlf 47461108 bernt.fjordheim@lindas.kommune.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
vernepleie, helsefag, sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 144846026
- Sist endret