Pedagogiske leiarar og barnehagelærar, tre svangerskapsvikariat.
- Frist 11.1.2019
Pedagogiske leiarar og barnehagelærar, tre svangerskapsvikariat.
Leiknes FUS barnehage opna i 2005, og har av fire avdelingar.
Barnehagen ligg på Leiknes i Lindås kommune, 10 min. frå Knarvik.
Vårt satsingsområde er språk - fordi språk er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og venskap.
Barn utviklar språket gjennom leik, og me har såleis også stort fokus
på leik, at leik og rolleleik er utgangspunkt for all utvikling.
Alle barn skal få bli den beste utgåva av seg sjølv. Hos oss kjem barnet først!
Me veit at tida i barnehagen har stor innverknad på helse, utvikling og læring, og me har derfor forventingar til våre medarbeidarar.
Kjenner du deg igjen?
Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærlig og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i et bredt perspektiv? Finn du løysingar på utfordingar?
Ja? Då er du FUS!
Me har for tida tre gravide tilsette; to ped.leiarar og ein barnehagelærar, og søker derfor etter nokon til å ta over jobben medan dei er ute i svangerskapspermisjon.
Ped.leiarstilling nr. 1 tek til i midten av januar
Ped.leiarstilling nr. 2 tek til i mai
Barnehagelærarstillinga tek til i april.
Me tilbyr:
Anledning til å leike, kvar dag!
Anledning til å vere med å utvikle barnehagen
Anledning til å bidra til at barn opplever meistring og glede
Opplæring gjennom FUS Skulen
Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Noreg
Ordna tilsettingsforhold
Eigne FUS klede
Me ønskjer at du:
Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert (FUS)
Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
Likar å vere ute, leike og vere på tur med barn
Er utdanna barnehagelærar
Sørger for at ny kompetanse i personalgruppa blir implementert i ny praksis
Er tydelig og trygg i leiarrolla. Tildegare erfaring som barnehagelærar/ped.leiar er ynskjeleg.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande. Det er ynskjeleg at attestar blir tatt med på intervju, samt at de oppgjev tre referansar. Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald - me ønskjer derfor også at menn skal søkje på denne stillinga.
Tilsettinga krev godkjend politiattest med heimel i barnehagelova som må leveras før eventuell tilsetting i stillinga.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Antall stillinger: 3
- Sted: Storneset 1, 5915 Hjelmås
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 135781648
- Sist endret