Fristen er utløpt
Dagleg Leiar
Indre Hordaland Miljøverk
- Frist 2.1.2019
Dagleg Leiar
IHM søkjer ein motiverande og samfunnsorientert dagleg leiar. Du kjem til ein bransje i rask utvikling, der me byr på mange spennande utfordringar innan produksjon, leiing og strategisk tenking. Verksemda har fokus på kjeldesortering og materialgjenvinning samt vidareføring og utvikling av nye tenestetilbod til hushaldningar og næringsliv. Du må vere framtidsretta, trygg og tydeleg med god rolleforståing. Dagleg leiar har det samla ansvaret for verksemda sine aktivitetar og rapporterer til styret. Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle selskapet i tråd med mål og strategiar
- Resultatansvar og resultatstyring
- Inspirere, motivere og utvikle medarbeidarar
- Gjennomføring av eigne prosjekt med ansvar for økonomi, framdrift, HMS og kvalitet
- Bygge gode relasjonar mot kundar og myndigheiter, samt vere aktiv overfor bransjeorganisasjonar
- Sal- og anbodsarbeid, herunder kalkulasjon og prosjektering
- Bidra til optimalt samarbeid, kompetanse- og organisasjonsutvikling
- Ha fokus på marknadsmogelegheiter i regionen og vidareutvikle desse
- Leiarerfaring
- Bransjeerfaring
- Høgare utdanning
- Prosjektkompetanse
- Dyktig organisator og planleggar
- Fleksibel nok til å få gjennomført planar
- Gode samarbeidsevner
- Målbevisst og handlekraftig
- God på kommunikasjon, munnleg og skriftleg
- Tydeleg leiar som evner å motivere sine tilsette
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med avfallsløysingar for abonnentar og kundar som innsamling, tilrettelegging av sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall. Vi samarbeider og med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen. Administrasjonen er i Voss kommune. Selskapet vart stifta i 1994 og hadde i 2017 ei omsetnad på 66 mill. kr. Det er 33 tilsette i selskapet.
- Sted: BJØRKEMOEN 60, 5700 Voss
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Prosjektledelse, Salg
Nøkkelord
Ledelse, HMS, Salgsarbeid, Kalkulasjon, Prosjektering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 134993576
- Sist endret
