Utløpt

Sjukepleiar/ Vernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge
Stillingstittel
Sjukepleiar/ Vernepleiar
Frist
11.06.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) tar i mot barn og unge med psykiske vanskar til utgreiing og behandling. Barneposten er ein 5 døgnsavdeling med plass til 6 barn i alderen 0 - 13 år. Det er ein korttidsavdeling med hovudvekt på utgreiing, observasjon og utprøving av behandlingstiltak i forhold til barnet og til dels familie, skole/barnehage. Arbeidstid er turnus med 2 kveldar pr. veke samt kvar 4 helg på akuttpost for barn og unge.

PBU gir spesialiserte helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Dette kan til dømes vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, tilknyttingsvanskar, utviklingsforstyrringar, forstyrringar av aktivitet og merksamd, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skolevegring, m.m.

PBU, Barneposten har ledig ein 95% vikariat som sjukepleiar/ vernepleiar. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Ved klinikken arbeider vi i eit breitt fagleg team av sjukepleiar, førskolelærar, barnevernspedagogar, vernepleiarar, psykologar, psykiatrar og lærar. Som sjukepleiar/ miljøterapeut vil du vere med i team som utreder/ observerer/ kartlegg/ eventuelt behandlar pasientar som er tilvist sengeposten frå poliklinikkane i PBU.

Kvalifikasjonar

  • Høgskole innan helse- og sosial med relevant erfaring
  • Ønske om vidareutdanning
  • Erfaring med familiearbeid
  • Ønskeleg med erfaring frå institusjonsarbeid
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Utdanning

  • Helsefag, andre
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Eigenskapar

  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 95%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sture Larsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 44 46
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 96715139
Sist endret 19. mai 2017 13:34

Rapporter annonse